Mjølkesyre kan dempa skadane etter hjerneslag

Del

Tidsrommet der det er håp om å redda hjernevev kan utvidast frå fire timar til to døgn ved behandling med mjølkesyre.

90 prosent av hjerneslag skuldast blodpropp. Ill.: Pixabay
90 prosent av hjerneslag skuldast blodpropp. Ill.: Pixabay

Kvart år får rundt 12 000 nordmenn hjerneslag. Ein tidel av slaga skuldast ei bløding i hjernen, medan dei resterande 90 prosenta skuldast ein blodpropp.

– Når ei blodåre blir tetta av ein blodpropp, mister delar av hjernen blodtilførselen sin. Vevet i kjernen av dette området vil som regel bli varig skada eller døy. Men det går an å redusera skadane i vevet i randsona av dette området, det vi kallar penumbra. Vi kan behandla med medikament eller fjerna proppen mekanisk, forklarar professor Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt.

– Problemet er at det berre er eit snevert vindauge der det er håp om at behandlinga skal verka. Medikamentell behandling må helst skje innan fire timar, elles er toget gått. Det er råd å prøva å tøya fristen litt, men vindauga ligg i det området. Dessutan er det langt frå alle pasientar som kan få slike legemiddel.

– Mekanisk fjerning av proppen har noko lengre tidsvindauge, men er berre tilgjengeleg på nokre sjukehus.

Påførde forsøksmus hjerneslag

Når friske mus får tilført mjølkesyre, fører det til at hjernen får fleire små blodårar og auka blodtilførsel. Dette har Morland og kollegaer tidlegare vist. Sidan skadane etter hjerneslag kjem av redusert blodtilførsel, var det nærliggjande å tenkja at eit tettare nettverk av små blodårar i penumbra kanskje kan beskytta dette området ved eit hjerneslag.

Derfor bestemte forskarane seg for å undersøkja om mjølkesyre kunne ha nokon effekt på omfanget av hjerneskade etter blodpropp i hjernen.

– I laboratoriet påførde vi forsøksmus hjerneslag. Ei gruppe fekk mjølkesyre etter 24 og 48 timar, medan ei kontrollgruppe ikkje fekk behandling, fortel Morland.

Gruppa med mjølkesyre hadde tapt mindre hjernevev

– Etter tre veker målte vi kor mykje hjernevev som var gått tapt. Då fann vi at gruppa som hadde fått mjølkesyre tapte mykje mindre vev enn kontrollgruppa. Så det må bety at mjølkesyre beskyttar mot denne vanlegaste typen hjerneslag.

– Tidlegare har vi òg sett at mjølkesyrebehandling kan gje fleire nerveceller i delar av hjernen, noko som òg kan tenkjast å motverka hjerneskaden etter eit hjerneslag. Men  vi fann ikkje tydelege teikn på at det vart danna fleire nerveceller i denne studien.

Funna gjeld dyr som har den nødvendige reseptoren, eller mottakaren, for mjølkesyre i hjernen. Forskarane har òg undersøkt effekten av mjølkesyre på mus der denne reseptoren har blitt fjerna. På desse hadde mjølkesyra ingen effekt etter hjerneslag.

Kan få eit betre liv etter slaget

Mjølkesyre er enno ikkje testa på menneskelege slagpasientar, men det treng ikkje vera så langt borte.

– Mjølkesyre finst naturleg i kroppen, og er ikkje særleg skadeleg. Ho vert brukt som legemiddel i dag. Ikkje mot slag, riktig nok, men det er altså gjort mange studiar på sikkerheita ved bruk av mjølkesyre, fortel Morland.

– Dersom vi kan utvida vindauga for behandling så mykje som vi håpar, bør det bety at mange slagpasientar kan få eit betre liv etter hjerneslaget.

Dei vitskaplege artiklane

Geiseler, Morland m.fl.: L-Lactate Treatment at 24 h and 48 h after Acute Experimental Stroke Is Neuroprotective via Activation of the L-Lactate Receptor HCA1International Journal of Molecular Sciences, Jan 2024

Lambertus, Morland m.fl.: L-lactate induces neurogenesis in the mouse ventricular-subventricular zone via the lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, Nov 2020

Morland m.fl.: Exercise induces cerebral VEGF and angiogenesis via the lactate receptor HCAR1. Nature Communications, May 2017

Kontakter

Bilder

– Mjølkesyre finst naturleg i kroppen, og er ikkje særleg skadeleg, seier Cecilie Morland. Foto: Adam R. Babinski/UiO
– Mjølkesyre finst naturleg i kroppen, og er ikkje særleg skadeleg, seier Cecilie Morland. Foto: Adam R. Babinski/UiO
Last ned bilde

Lenker

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område. Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no - https://titan.uio.no/, som også er på Facebook - https://www.facebook.com/Titan.uio.no/ og Twitter - https://twitter.com/unioslo_titan, eller abonner på nyheitsbrevet - http://uio.us11.list-manage.com/subscribe?u=161573052011290883a1202af&id=9c6531d 3ab. * UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet * Sem Sælands vei 24 * 0371 Oslo * 22 85 56 00 * http://www.mn.uio.no/

Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye