Sparebanken Sør

Nytt stipend for unge innan folkemusikk og folkedans

Del

– Den norske folkemusikken og -dansen er vår felles kulturarv. Me håpar dette stipendet kan vera med på å løfta fram dei som ber det vidare i landsdelen vår, seier Eva Haugland Åsland, marked- og kommunikasjonsrådgjevar i Sparebanken Sør.

Gammeldagse feler
Driv du med folkemusikk eller folkedans, kan du no søkje om eit nytt stipend frå Sparebanken Sør. Eva Åsland Sparebanken Sør

Stipendet blir delt ut i samarbeid med Setesdal Spelemannslag og består av eit diplom og ein pengesum på 50 000 kroner. Det er i samband med at Sparebanken Sør fyller 200 år i 2024 at det nye stipendet har vorte oppretta.  

– Søkjarane må ha ein plan for kva dei skal bruka pengane til. Det kan til dømes vera å vidareutvikla talentet sitt i form av kurs, studieopphald, eller formidling av musikken eller dansen, seier ho.  

Vinnaren blir trekt i juni, og stipendet blir delt ut på Setesdal Folkemusikkfestival.  

Ber om video av framføring

For å søkja må du spela inn ein kort video av deg sjølv der du presenterer deg, og speler, syng eller dansar. Det kan også vera eit opptak frå ein framføring.  

– Det er mange talent der ute som er aktuelle vinnarar av stipendet. Derfor ønskjer juryen å sjå utøvarane formidla musikken eller dansen framfor å lesa ein søknadstekst, seier Astri Rysstad, leiar i Setesdal Spelemannslag. 

Du må vera mellom 18 og 30 år og aktiv utøvar for å delta.   

Les meir om søknadsprosessen og kriteria for å delta på sor.no/folkemusikkstipend.  

Frist for å søkja er 1. mai.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Gammeldagse feler
Driv du med folkemusikk eller folkedans, kan du no søkje om eit nytt stipend frå Sparebanken Sør.
Last ned bilde
Eva Åsland i kontorstol
Eva Åsland, marked- og kommunikasjonsrådgiver i Sparebanken Sør.
Last ned bilde
Astri Rysstad, profilbilde
Astri Rysstad, leiar i Setesdal Spelemannslag.
Last ned bilde

Lenker

Om Sparebanken Sør

Sparebanken Sør er en av landets største regionsparebanker med hovedkontor i Kristiansand. Banken har i alt 31 kontorer fordelt på Agder, Vestfold og Telemark og Rogaland.

Sparebanken Sør
Postboks 200
4662 Kristiansand

www.sor.no

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Sør

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Sør på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Sør

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye