Den norske kirke

Presseinvitasjon: Møte i Kyrkjerådet 8. og 9. mars

Del

Kyrkjerådet i Den norske kyrkja har møte 8. og 9. mars i Oslo. Pressa er invitert til å følgje møtet fysisk eller digitalt. Dette er siste møte i Kyrkjerådet i denne perioden, før Kyrkjemøtet i april skal velje nytt råd.

Kyrkjerådet skal handsame tolv saker, mellom anna evaluering av kyrkjevalet, rekneskap for 2023 og høyring om korleis biskopar skal tilsetjast. Sjå sakslista og les sakspapira her

Sakshandsaminga er oppsett fredag 8. mars kl. 16.15–18.30, og laurdag 9. mars er det kl. 09.00–13.00. 

Møta til Kyrkjerådet er opne og det er høve til å følgje sakshandsaminga digitalt og ved fysisk oppmøte på Kirkens hus i Oslo (Rådhusgata 1–3).

Meld frå til ak547@kyrkja.no eller 98 80 14 28 dersom du vil delta fysisk eller har andre spørsmål.

Nøkkelord

Kontakter

Anders Emil KaldholPressekontakt og konstituert nestleder, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Tel:98801428ak547@kirken.no

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye