To norske selskap får millionstøtte frå EU
Ocean Visuals frå Ålesund og DoMore Diagnostics frå Oslo har nådd toppen i hard konkurranse i EIC Accelerator-programmet. Dei får til saman 4,7 millionar euro i støtte og tilbod om eigenkapital.
- Desse to selskapa viser at norske løysingar og verksemder er konkurransedyktige på høgaste nivå, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg. – Gjennom bruk av kunstig intelligens opnar DoMore Diagnostics for nye og langt meir presise behandlingsmåtar innanfor kreft. På tilsvarande vis kan Ocean Visuals redusere skadane ved oljesøl gjennom å bruke den mest avanserte sensorteknologien. Dette er løysingar heile verda treng, og vi er stolte over å ha bidratt til at desse selskapa lykkast med sine søknadar til EU.
Av 1083 selskap som søkte støtte var 40 norske, elleve kom til intervju, og to fekk støtte. Det er eit godt resultat, langt over snittet for deltakarlanda.
Dei oppdagar og gjer analysar av olje i vatn
Ocean Visuals er eit teknologiselskap basert i Ålesund, som utviklar og leverer sensorsystem for å samle og lagre data om oljelekkasjar i havet i sanntid. Sensorane blir monterte på offshore-båtar, ferjer, oljeriggar og bøyer, eller på dronar, helikopter og overvåkingsfly. Sensorane skapar data om kva slag olje som er funne i vatnet, ned på molekylnivå.
Selskapet får 2,2 millionar euro frå EIC Accelerator og tilbod om inntil 6,2 millionar euro i matching om selskapet seinare hentar inn kapital. Ocean Visuals har tidlegare fått støtte frå Utanriksdepartementet, Norway Grants, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.
- Vi bygger kostbare sensorsystem basert på laserteknologi. Tilskotet frå EIC Accelerator vil gjere det enklare for oss å skaffe komponentar til seriar av sensorar, vi kan seriebygge sensorar med lågare kostnad. Vi vil ha sensorar tilgjengelege på kort varsel, og gradvis ekspandere i dei marknadene som er relevante, seier Christian Testman, administrerande direktør i Ocean Visuals. - Støtta frå EU gir oss moglegheit til å bygge verdifulle partnarskap med kundar og organisasjonar i fleire land, utvide teamet, oppskalere produksjonen og kommersialisere produkta våre.
Kreftbehandling med kunstig intelligens
DoMore Diagnostics bruker kunstig intelligens for å tilpasse behandlinga av tykk- og endetarmskreft til kvar enkelt pasient. Teknologien gjer at selskapet kan føresjå pasientane sine utfall basert på kreftsvulsten, og identifisere dei pasientane som har nytte av cellegift etter ei operasjon. Selskapet får 2,5 millionar euro i støtte og tilbod om inntil 7,5 millionar euro i matching om selskapet seinare hentar inn kapital.
Torbjørn Furuseth er dagleg leiar og medgrunnleggjar. Han legg stor vekt på støtta frå EU:
- Tildelinga representerer ei viktig ekstern validering av utviklingsplanane våre og stadfestar det unike og høge kommersielle potensialet til teknologien vår. Med støtta frå EIC Accelerator-programmet kan vi gjere betydelege framsteg mot vårt mål om å sikre persontilpassa kreftbehandling til alle kreftpasientar, seier Furuseth.
Om EIC Accelerator
EIC Akselerator (European Innovation Council Accelerator) er ei finansieringsordning i EU der små og mellomstore bedrifter kan søke om tilskot på inntil 2,5 millionar euro og eigenkapital på inntil 15 millionar euro. Finansieringa går til banebrytande innovasjonar med stort potensial for internasjonal vekst og betydeleg positiv effekt på miljø og samfunn.
Kjem du gjennom nålauget får du finansiering, coaching og akseleratortenester. Ordninga blir finansiert gjennom EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.
Innovasjon Noreg er nasjonalt kontaktpunkt for EIC Accelerator og bidrar med rådgiving i utviklinga av søknadene til EIC, pitching og trening i å svare på krevjande spørsmål frå ein jury i Brussel.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil Svorkmo BergmannKommunikasjonsrådgiver
Tel:908 20 918kjber@innovasjonnorge.noBilder
Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Anne Berit Figenschau blir ny regiondirektør i Innovasjon Norge30.4.2024 14:55:51 CEST | Pressemelding
Anne Berit Figenschau er ansatt som ny regiondirektør i Innovasjon Norge Arktis. – Jeg brenner for at vi skal utnytte de enorme mulighetene som ligger i Troms, Finnmark og Svalbard, slik at vi kan skape nye, grønne og lønnsomme næringer og attraktive arbeidsplasser, sier Anne Berit Figenschau.
Presseinvitasjon: Innovasjonstalen 202429.4.2024 12:14:15 CEST | Presseinvitasjon
Tema for Innovasjonstalen 2024 er «Vi må snakke om Europa». Mandag 6. mai kl. 12 gjør vi opp status for Norges konkurranseevne i vårt aller viktigste marked. Velkommen til Innovasjonstalen – Innovasjon Norges viktigste årlige arrangement.
Innovasjon Norge og Eksfin finansierer Nordic Halibut med til sammen 178 millioner kroner18.4.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
Kveiteoppdrettsselskapet Nordic Halibut på Averøy i Møre og Romsdal mottar lånefinansiering på 102,5 millioner kroner fra Innovasjon Norge og 75 millioner kroner fra Eksportfinansiering Norge (Eksfin) til nytt landbasert settefiskanlegg på Tingvoll samt drift.
Nå åpnes det for nye klynger til Norwegian Innovation Clusters17.4.2024 15:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge, i samarbeid med Siva og Forskningsrådet, kan i dag kunngjøre opptak av nye klynger til klyngeprogrammet “Norwegian Innovation Clusters”.
Presseinvitasjon til Hannover Messe - besøk av statsminister Jonas Gahr Støre og Tysklands forbundskansler Olaf Scholz11.4.2024 06:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Vi inviterer norsk presse til årets Hannover Messe, en av verdens største industrimesser, der Norge i år er partnerland. Statsminister Jonas Gahr Støre og Tysklands forbundskansler Olaf Scholz besøker den norske paviljongen mandag 22. april.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom