2022 var eit rekordår for kulturbransjen

Del

I fjor var dei samla inntektene frå omsetning av musikk, litteratur, visuell kunst og scenekunst i overkant av 19 milliardar kroner, viser rapporten «Kunst i tal». Dette er dei høgaste tala som har vorte målt nokon gong. 

Frå utstillinga Blason av Mari Slaattelid på Kristiansand Kunsthall
Frå utstillinga Blason av Mari Slaattelid på Kristiansand Kunsthall Foto: Kristiansand Kunsthall

– Me har aldri sett så høge samla tal sidan me starta desse målingane. Den store auken frå 2021 til 2022 kjem i hovudsak av at musikken og scenekunsten for fullt kom i gang igjen etter pandemien. Men det er interessant at veksten på alle felt er større enn det utviklinga før pandemien skulle tilsei, seier Haakon Bekeng-Flemmen, fungerande avdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.

Last ned og les heile rapporten. 

Samanlikna med 2021 har omsetninga totalt auka med 27 prosent. Trass i pandemiårene har det også vore ein stor auke for bransjen sidan det siste «normalåret». Samanlikna med 2019 er veksten på 19 prosent.

Dette er funn frå rapporten «Kunst i tal» som er Kulturdirektoratets årlege statistikk for omsetning av musikk, scenekunst, litteratur og visuell kunst. Rapporten er utarbeidd av Rambøll på oppdrag frå Kulturdirektoratet. 

Vekst innanfor alle kunstbransjane – visuell kunst aukar mest

Det er inntektene til visuell kunst som andelsmessig har auka mest samanlikna med året 2019. Inntektene er heile 70 prosent høgare i 2022 enn i 2019. Dei samla inntektene var i underkant av 3,5 milliardar kroner, og dette er det mest inntektsgivande året sidan målinga av feltet starta. Inntektene kjem av ein jamn vekst på alle område og dessutan ein stor auke i museumsinntekter.

Musikkbransjen er tilbake på eit høgare nivå enn det var estimert at veksten ville ha vore sjølv utan ein pandemi, med ei samla inntekt på 6,8 milliardar. Det er spesielt konsertinntektene som veks. I 2012 utgjorde dei halvparten av musikkinntektene i Noreg, no står dei for 63 prosent. 2022 er også prega av historisk mange norske artistar og songar på topplistene, med Ballinciaga og Karpe tronande øvst.

Inntektene frå scenekunst var på i underkant av 1,8 milliardar kroner, ein auke på 24 prosent sidan 2019. Mange aktørar har arbeidd godt med å forstå og tiltrekkja seg publikum, mellom anna ved å gi yngre brukarar reduserte prisar. Ifølgje tal frå DNB er auken relativt størst blant dei som har låg inntekt, sjølv om det framleis er personar med høg inntekt som bruker mest på kulturaktivitetar.

For litteraturbransjen har pandemiårene vore svært gode, medan dei samla inntektene i 2022 sokk med 600 millionar kroner. Det er likevel ei høgare utvikling enn det trenden for bransjen i 2019 gav grunn til å tru. Den store trenden innan litteratur er at inntektene frå sal av fysiske bøker fell, medan det har vore ein sterk vekst i inntektene frå lydbøker.

Eit mangfaldig kunst- og kulturtilbod

Rapporten viser at kunståret 2022 har vore prega av auka interesse for samisk kunst, både blant samar spesifikt og i den norske befolkninga generelt.

– Det kan henga saman med at samiske kunstnarar har engasjert seg i politiske saker som det er stor interesse rundt. I tillegg er det stor merksemd omkring urfolks kunst internasjonalt, noko som også påverkar samiske kunstnarar i Noreg, seier Bekeng-Flemmen.

Kulturdirektoratet jobbar no med ei ny undersøking, som spesielt tek for seg korleis kulturverksemder arbeider med samisk kunst i programmet sitt og formidlinga si. Her skal det kartleggjast kva moglegheiter og barrierar dei møter i slike samanhengar. 

Samtidig viser funna i «Kunst i tal» at scenene i landet har prioritert kjende verk og skodespelarar, og at publikum i større grad enn tidlegare vel dei velkjende framsyningane og kunstnarane.

–  Etter og i ei usikker tid søkjer mange til det kjende og trygge. Det er positivt om dette bidreg til auka inntekter. Samtidig er me opptekne av at scener og kunstnarar skal eksperimentera, tora å ta sjansar og trekkja fram dei nye stemmene og uttrykka. Det er viktig for at me skal ha eit mangfaldig kunst- og kulturtilbod, seier Bekeng-Flemmen.

Ein kultursektor på veg ut av ein pandemi

Auken på 27 prosent i dei samla inntektene i kunstbransjane frå 2021 til 2022 tyder på at kultursektoren hentar seg inn etter pandemien. Den store veksten kjem i stor grad av at musikk- og scenekunstfeltet kunne opna dørene for publikum igjen. I 2022 hadde inntektene i musikkbransjen ein auke på 89 prosent, medan inntektene i scenekunstbransjen tredobla seg frå året før.

– Under pandemien såg me at mange heldt fram med å produsera kunst utan å få han ut til publikum. Ein grunn til den store veksten i 2022 kan vera at kunstbransjane hadde jobba fram produkt og tilbod under pandemien, som i 2022 endeleg kunne sleppast ut på marknaden, fortel Bekeng-Flemmen, og held fram:

– Det verkar som at mange har sakna dei fysiske møteplassane for å oppleva kultur, og at folk hadde eit ekstra stort behov for å gå på konsertar og teater etter den lange nedstenginga. Viss dette er tilfellet, kan det henda at veksten ikkje vil vera like stor i åra som kjem. Derfor er det viktig for Kulturdirektoratet å halda fram med å overvaka utviklinga i sektoren.

Dashbord på nett

Materiale frå Kunst i tal finst òg som eit dynamisk dashbord. Her kan ein sjølv klikka seg rundt og velje grupper, filtar og visningar av tala som er publisert. Dashbordet er ein fleksibel, dynamisk og brukarvennleg reiskap for dei som ønskjer eit enkelt overblikk over målingane, og for dei som ønskjer å dykka vidare ned i variablar og kunstområde. Dashbordet gjæv òg moglegheit til å visa utvikling over tid og å samanlikne ulike variablar eller kunstgrupper.

Her kan du utforska dashbordet.

Om Kunst i tal

I 2013 setja i verk Kulturdirektoratet eit statistikkprosjekt på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Oppdraget gjekk ut på å utvikla ein modell for å talfeste verdien på omsetnaden i norsk musikkbransje. Prosjektet har utvikla metodar for datainnsamling, målingar og berekningar som skal kunna oppdaterasa i åra framover. I 2014 vart prosjektet utvida til å omfatta ein tilsvarsande modell for litteraturbransjen. I 2015 vart det visuelle kunstfeltet inkludert, og frå 2016 vart også scenekunstfeltet med i statistikken.

Tala er berekna ut frå dei samla inntektene på kvart av kunstområda ved å henta inn omsetnadsstatistikk langs tre spor: opphavsrettslege inntekter, salsinntekter og inntekter frå framføring eller visning. Kvar inntektstype har potensielt også eksportinntekter. Tala er basert på bransjeaktørane sine eigne tal i tillegg til ytterlegare tal og informasjon som Kulturdirektoratet sjølv har samla inn.

Kontakter

Bilder

Frå utstillinga Blason av Mari Slaattelid på Kristiansand Kunsthall
Frå utstillinga Blason av Mari Slaattelid på Kristiansand Kunsthall
Last ned bilde
Kunst i tal 2022 - framside
Kunst i tal 2022 - framside
Last ned bilde
fungerande avdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.
fungerande avdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye