OsloMet

Skeive i Noreg er mykje meir utsette for vald og hatytringar enn heterofile

Del

Skeive i Noreg er mykje meir utsette for vald, seksuell vald, hatkriminalitet og hatefulle ytringar enn heterofile nordmenn. Det viser Nasjonal tryggleiksundersøking.

Bilde av to jenter med regnbueflagget rundt seg.
Den nasjonale trygghetsundersøkelsen avslører at skeive er mer utsatt for lovbrudd enn andre i befolkningen. Colourbox.com

Våren 2023 blei over 25 000 nordmenn spurde om dei hadde vore utsette for lovbrot førre år. Det vil seie handlingar eller hendingar som tjuveri, vald, hatkriminalitet, seksuelle overgrep, digital kriminalitet og anna som er regulert gjennom straffelova.

Dei er også spurde om kor uroleg dei er for å bli utsett for noko kriminelt, og kor stor tillit dei har til mellom anna politi og rettsvesenet.

I rapporten som viser resultata frå Nasjonal tryggleiksundersøking 2022, er det også gjord særlege analysar av kor utsett skeive personar er.

Skeive meir utsett

Medan omtrent éin av tre heterofile personar blei utsette for lovbrot i 2022, fortel halvparten av deltakarane som identifiserer seg som heterofile, lesbiske eller bifile (LHB-personar) at dei blei utsette for eit lovbrot i løpet av fjoråret.

– LHB-personar er særleg meir utsette for lovbrot som vald og seksuell vald, fortel NOVA-forskar Mette Løvgren, som leier arbeidet med undersøkinga.

Heile 22 prosent av LHB-personane i undersøkinga fortel at dei har opplevd minst éi valdshending i 2022. Det er meir enn dobbelt så mange som blant heterofile, der 10 prosent blei utsette.

Skilnaden er endå større for seksuell vald, som rommar alt frå seksuelt krenkjande åtferd og uønskt seksuell berøring til valdtekt. Éin av fire LHB-personar blei utsette for dette, mot 6 prosent blant heterofile nordmenn. 

 Meir bekymra

– LHB-personar er meir bekymra enn heterofile for å oppleve lovbrot, understrekar Løvgren.

– Bekymringa gjeld ikkje alle lovbrot, men lovbrot som dei som gruppe er meir utsette for, som vald, seksuell vald, diskriminering, hatkriminalitet og hatefulle ytringar.

– Mange LHB-personar kjenner nok til at seksuelle minoritetar er meir utsette for lovbrot, og er naturleg nok urolege for å bli utsette, seier Løvgren.

– Denne bekymringa, men særleg det faktumet at så mange fleire er utsette, må styresmakter og politiet vere merksame på.

Løvgren påpeikar også at LHB-personar har mindre tillit til andre enn det heterofile har.

– Her kan vi alle bidra, som kollegaer, vener og medmenneske, og hjelpe til slik at alle kan oppleve trygge situasjonar.

Kva meiner vi med seksuell vald?

Nasjonal tryggleiksundersøking spør om tre hovudkategoriar av seksuell vald. Seksuell omgang er samleie, analsex og onanering, seksuell handling er berøring av kjønnsorgan og anna seksualisert berøring, og seksuell åtferd er nakenskap og rørsler, mot eins vilje eller i ein situasjon der ein ikkje kan samtykkje.

Last ned rapporten og les meir

Nasjonal trygghetsundersøkelse 2022. Mette Løvgren, Øivind Skjervheim, Asle Høgestøl, Andreas Kotsadam, Vegar Bjørnshagen, Christer Hyggen og Stian Lid. (2023). NOVA rapport 14/23, Oslo

Det er også ein teknisk rapport som går meir i detalj om metodar og vegval for undersøkinga (oda.oslomet.no).

Les meir på nettsida til Nasjonal tryggleiksundersøking.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra OsloMet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra OsloMet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye