Ny rådgivar i Fiskebåt

Del

Susanne Giske er tilsett som ny rådgivar i Fiskebåt. Giske kjem frå jobb i Fiskeridirektoratet. – Vi er glade for at Giske vil jobbe hos oss, og ser fram til å styrke laget, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Susanne Giske er utdanna jurist frå 2008 med spesialisering i skatterett. 

- Giske har ein solid fagleg bakgrunn, både gjennom utdanning og jobben i Fiskeridirektoratet som ho kjem frå. I tillegg har ho arbeid fleire år som skattejurist. Dette er gode og nyttige kunnskapar som vil kome medlemmane i Fiskebåt til gode. Vi er avhengige av å ha den rette kompetansen, for å møte dei framtidige utfordringane fiskerinæringa står overfor, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Styrkinga er ledd i tilrådingane frå Fiskebåt sitt organisasjonsutval og årsmøte om å styrke bemanninga for å ivareta den havgåande flåten sine interesser på best mogleg måte.

Maråk peikar også på at det er positivt at fleire medarbeidarar i fiskerinæringa er kvinner, enten dei jobbar på sjø eller land. Med denne tilsettinga er nær halvparten av dei tilsette i Fiskebåt kvinner.

- Eg ser fram til nye utfordringar i ei spennande næring, og trur det vil bli interessant å sjå fiskerirett i eit nytt perspektiv. No gler eg meg til å kome i gang med jobben og bli betre kjent med næringa, seier Susanne Giske.

Giske har sin første arbeidsdag i Fiskebåt, mandag 11. september.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye