Valgdirektoratet

I dag er valdagen!

Del
I dag, 11. september, er det kommunestyre- og fylkestingval i Noreg.

På valdagen må alle røyste i den kommunen dei har røysterett, det vil seia den kommunen ein var registrert som busett per 30. juni 2023. I valkortet står det kva kommune veljaren har røysterett i. 

I dag held totalt 1879 vallokale ope over heile landet. Opningstider og informasjon om kvar ein finn dei ulike vallokala, er tilgjengeleg på www.valglokaler.no. 

Dei siste vallokala stengjer klokka 21.00, men mange lokale stengjer før dette, så det er viktig at veljarane har kontroll på når sitt vallokale stengjer.

Kva skjer når vallokala stengjer? 
Den første teljinga av røystesetlar skjer i alle vallokala så snart desse stengjast på valdagen. Deretter skal det skje ei førebels og endeleg teljing av røystene. 

Den førebelse oppteljinga blir gjennomført for hand. Det blir talt kor mange røyster kvart parti har fått, og eventuelle rettingar som personrøyster og slengjararDette er det som til slutt avgjer kor mange mandat partia får og kva kandidatar som blir valde inn.

Når kjem resultata? 
Valdirektoratet rapporterer dei første resultata klokka 21.00 på www.valgresultat.no.  

Det vil vera dei hittil talte førehandsrøystene frå kommunane som blir publiserte kl. 21.00. Utover valkvelden blir resultata oppdaterte, etter kvart som kommunane har talt røyster frå valdagen.

Tysdag kl. 17.00 er første moglege tidspunkt for at kommunane kan vera ferdig med all oppteljing. Dette skuldas at seint innkomne førehandsrøyster kan komma fram til kommunen fram til dette tidspunktet. Som konsekvens, vil heller ikkje valde kandidatar vera klart før tidlegast tysdag kl. 17.00.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Valgdirektoratet

Valgdirektoratet
Valgdirektoratet
Postboks 2080
3101 Tønsberg

33 41 29 40http://valg.no

Valgdirektoratet skal bidra til å opprettholde høy tillit til valg og demokrati i Norge gjennom å sikre frie, direkte og hemmelige valg.

Valgdirektoratet har ansvar for valggjennomføringen på landsbasis. Dette innebærer å støtte kommunene og fylkeskommunene i den praktiske gjennomføringen av valg, informasjon til velgere, opplæring av kommuner og fylkeskommuner, evalueringer, drift og forvaltning av valgadministrasjonssystemet EVA, samt valgfaglig utredning og analyse.

Valgdirektoratet er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye