Kulturminnefondet

11 eigarar av kulturminne i Møre og Romsdal får støtte

Del

11 eigarar i Møre og Romsdal kan gleda seg over nesten 1,2 millionar kroner i støtte til sine kulturminne gjennom Kulturminnefondets første tildelingar i år.

Elverhøy i Sunndal har rike tradisjonar når det gjeld fiske og britiske «fiskelordar» som besøkte staden flittig på midten av 1800-talet. Kulturminne er særprega i engelsk stil, og er angitt å ha høy lokal og regional verneverdi. Eigaren har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet, og har i år blitt gjeve 190.000 til arbeider på huset. I dag brukast Elverhøy til utleige som overnatting og selskapslokale. (Foto: Privat/Frå søknad)

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løpande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

- Innføringa av løpande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Lista over dei som har fått støtte i Møre og Romsdal:

(Prosjekt, søker, kommune, tilskudd)

  • Låvebygning Ellevsøy, Inger Lise Lervik, Smøla, 50.000
  • Andersgarden på Skaar, Else Ellingsæter, Haram, 63.000
  • Grindfjøs/Låve Tustna, Pål Gunnar Ørbog, Aure, 140.000
  • Lånatunet, Arnhild Thorseth, Sande, 30.000
  • Skifertak på Nordmørslån, Magnhild Kopperstad Wolff, Sunndal, 190.000
  • Stavset internatskule - ytterveggar, Hjørundfjord kulturvernlag, Ørsta, 140.000
  • Gjemnes gård, naust, Christen Bruseth, Gjemnes, 50.000
  • Elverhøy - fasader øst og sør, Harry Kenyon-Slaney, Sunndal, 190.000
  • Låven på Skaar, Anders Skaar, Sula, 86.000
  • Fjøsvegg Ripa, Eir Grytli, Tingvoll, 44.000
  • Kjønnøybrygga, Gunnar Kjønnøy, Kristiansund, 177.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Elverhøy i Sunndal har rike tradisjonar når det gjeld fiske og britiske «fiskelordar» som besøkte staden flittig på midten av 1800-talet. Kulturminne er særprega i engelsk stil, og er angitt å ha høy lokal og regional verneverdi. Eigaren har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet, og har i år blitt gjeve 190.000 til arbeider på huset. I dag brukast Elverhøy til utleige som overnatting og selskapslokale. (Foto: Privat/Frå søknad)
Elverhøy i Sunndal har rike tradisjonar når det gjeld fiske og britiske «fiskelordar» som besøkte staden flittig på midten av 1800-talet. Kulturminne er særprega i engelsk stil, og er angitt å ha høy lokal og regional verneverdi. Eigaren har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet, og har i år blitt gjeve 190.000 til arbeider på huset. I dag brukast Elverhøy til utleige som overnatting og selskapslokale. (Foto: Privat/Frå søknad)
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

Følg saker fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Kulturminnefondet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom