Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Saker
540
Meny

Høyring: Vil sikre forbrukarar reduserte prisar for internasjonale samtalar og SMS11.12.2018 10:30 | Pressemelding

Ei ny forordning frå EU gjer at det vil bli innført maksimalprisregulering av internasjonale samtalar og SMS frå 15. mai 2019. Det er ikkje krav om at Noreg tar inn pristaket før forordninga er formelt innlemma i EØS-avtalen. - Av omsyn til norske forbrukarar foreslår departementet at tilsvarande maksimalpriser skal gjelde i Norge frå same tidspunkt som dei vil gjelde i EU. Vi set difor fart på dette arbeidet allereie no, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Road Alliance: Kjemper for norsk transportnæring i Brussel3.12.2018 13:00 | Pressemelding

- Regjeringen er opptatt av å bekjempe arbeidslivskriminalitet, legge til rette for ryddige konkurransevilkår, ivareta trafikksikkerheten på norske veier og sørge for gode rammevilkår for norske transportører. Det europeiske transportmarkedet bør ikke liberaliseres videre før man er sikret mer rettferdig konkurranse. Sammen med de andre landene i Road Alliance prøver vi å medvirke til at regelverket for transportnæringen blir best mulig, sier statssekretær Brage Baklien.

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene16.11.2018 11:54 | Pressemelding

– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dale på uformelt EU-ministermøte om trafikksikkerheit og miljøvenleg transport30.10.2018 16:34 | Pressemelding

– Samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for å styrke trafikksikkerheita og realisere det grøne skiftet i transportsektoren. Dette må vi klare samstundes som vi legg til rette for betre framkome for folk og næringsliv. Noreg ligg heilt i front i arbeidet med trafikksikkerheit, og regjeringa har som ambisjon å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja18.10.2018 11:00 | Pressemelding

- Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar. Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • Siste
  • >>

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.