Norsk Landbrukssamvirke

Dag Jørund Lønning blei Årets landbruksbloggar

Del

Dag Jørund Lønning blei i dag kåra til Årets landbruksbloggar 2014 på Norsk Landbrukssamvirkes konferanse Mat og landbruk 2015.

- Dette var veldig stas! Det har vore utruleg kjekt å vera med på Landbruksbloggen. Det er ein sterk og kunnskapsrik gjeng som skriv, og no er bloggen blitt ein viktig arena i debatten om norsk landbruk, sa Lønning i takketalen sin. 

Vinnaren er lidenskapleg oppteken av korleis kommunikasjon mellom lokalsamfunn og myndigheiter kan betrast i forvaltinga av det norske landbruksarealet. Eit område som kan føra til lokale konfliktar mellom bønder, lokalbefolkning og forvalting.

Stå opp for bonden

Lønning er frå garden Lønning på Stord og har vore fast bidragsytar på Landbruksbloggen sidan den vart lansert i mai 2013. Hjartesakene til Lønning er levande landbruk og bygdesamfunn over heile landet. Bloggane hans dreiar seg ofte om landbruket som samfunnsbyggar. 

- Utan levande lokalsamfunn har me ikkje eit landbruk. Og ettersom landbruket er den viktigaste bygdenæringa, kan ein heller ikkje ha levande bygder utan landbruket, påpeika Lønning, som er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren.

- Dette handlar om ryggraden i norsk landbruk: bonden. "Bonde" kjem av gamalnorsk "den buande". Når det blir rokka ved "den buande" kan heile det byggverket som Noreg er, ryka. Me må alle stå opp for og kjempa for bonden framover, oppfordra Lønning forsamlinga. 

Landbruksbloggen som ny debattarena

Nationen og Norsk Landbrukssamvirke samarbeidar om Landbruksbloggen. Kvar veke blir det publisert nye innlegg på www.landbruk.no og www.nationen.no .

- Målet med Landbruksbloggen har vore å gje plass til ytringar om matproduksjon, landbruk, samvirke og politikk frå personar med ulike ståstadar og kompetanse. Bloggarane har ulik bakgrunn, interessefelt og erfaring, seier Ola Hedstein, administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke.

- I dag har talet på lesarar og debatten på sosiale media tatt av. Landbruksbloggens suksess viser at bloggen fyller eit behov blant dei som er engasjert i norsk matproduksjon og landbruk. Nye forfriskande røyster aktualiserer viktige tema, legg Hedstein til.

Heidrar dyktige bloggarar

For å gjera heider på bloggarane blei Norsk Landbrukssamvirke og Nationen i fjor einige om å stifta ein pris til den beste bloggaren. I fjor blei Austfold-bonde Lise Thorsø Mohr kåra til vinner av ein jury. I år er det Nationens lesarar som har stemt fram vinnaren.

I tillegg til Lønning vart Christian Anton Smedshaug  og Kari Redse Håskjold stemt fram.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling, og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren. Lønning har ein doktorgrad i sosialantropologi/prosessfilosofi. Han har spesialkompetanse på lokal mobilisering, nyskaping og bygdeutvikling. Lønning har brei kompetanse på landbruks- og distriktspolitikk både i Noreg og i Europa. Han har også lang erfaring med internasjonalt forskings- og utviklingssamarbeid.

Les Lønnings innlegg på Landbruksbloggen

Den norske bonden er i skvis

Den norske bonden er i skvis. Landbruksministeren vil ha større einingar og auka produksjon. Klima- og miljøsektoren vil ha færre dyr og mindre intensivt landbruk. Friluftsfolket vil ha tilgang til landbrukslandskapet og forventar turstiar og gode grinder. Samstundes skal bonden ta vare på gamle rydningsrøyser og freda byggverk. 

Fra skyttergrav til dialog

Jæren er et av landets viktigste landbruksområder og samtidig en region med ekstrem rask folkevekst. De motstridende interessene til de som bruker landskapet til matproduksjon og de som vil bygge ut, og de som bruker det til rekreasjon har skapt voldsomme konflikter. Ukens landbruksblogger er primus motor bak dialogforumetJærsmiå, som skal få landskapsaktørene opp fra skyttergravene og inn i konstruktive samtaler. Kanskje det er noe å lære for andre også?

Regjeringa sløsar med skattebetalarane sine pengar

Det er du og eg – «skattebetalarane» – som til slutt må betala for det offentlege ressurssløseri Listhaug & Co i praksis legg opp til gjennom sine «sparetiltak», ved å svekka vårt mest vellukka og kostnadseffektive offentlege private samarbeid, skriv Dag Jørund Lønning.

Legg bort ideologien, Listhaug

Sist fasttømra ideologi fekk liggja i botnen for utforming av landbrukspolitikk, fekk dette alvorlege konsekvensar både for produksjon, mattryggleik, dyrevelferd og lokalsamfunn. Landbruksministeren har varsla gjennomgang og eventuell opprydding i tiltakspakkar og verkemiddelbruk. Dette er naturleg, og sikkert sunt. Men ho bør leggja frå seg ideologien før arbeidet startar, skriv Dag Jørund Lønning på Landbruksbloggen.

Landbruk og verneforvalting. Kvifor så mange konfliktar?

Det oppstår mange konfliktliknande situasjonar når natur og kultur skal vernast. Ofte står forvalting mot bønder/grunneigarar og lokalsamfunn. Konfliktårsak er at bøndene ikkje vert gjeve eigarskap til verneideane, og samstundes har eit krav om meir effektiv og intensiv drift, skriv professor i nyskaping og bygdeutvikling Dag Jørand Lønning på Landbruksbloggen.

Landbruk er for viktig til å bli overlatt til politikarar

Me har bak oss eit stortingsval der ein del røyster knytt til landbruket stod fram offentleg med ein bodskap om at «feil» parti til makta nærast ville bety ruin for både bonden og Distrikts-Noreg. Men dette er å undervurdera og nedsnakka eiga bærekraft. For så skjørt er faktisk ikkje dette byggverket som har reist seg over mange generasjonar, skriv Dag Jørund Lønning, bygdeforskar og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren, på Landbruksbloggen.

Les mer om fjorårets vinner: Lise Thorsø Mohr ble Årets landbruksblogger  

Les flere blogginnlegg .

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Norsk Landbrukssamvirke

Norsk Landbrukssamvirke
Norsk Landbrukssamvirke
Schweigaards gate 34 C
0135 Oslo

22 05 47 00http://www.landbruk.no
Norsk Landbrukssamvirke er en interesseorganisasjon for 16 bondeeide samvirkebedrifter i landbruksindustrien. Medlemmene sysselsetter om lag 16 000 mennesker i matindustrien og har en samlet omsetning på 75 mrd kroner. Hovedaktiviteten er knyttet til matproduksjon basert på norske råvarer kjent gjennom merkevarer som TINE, Gilde, Prior og Hoff.

Følg saker fra Norsk Landbrukssamvirke

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk Landbrukssamvirke på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norsk Landbrukssamvirke

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom