Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til to småkraftverk i Kvinesdal kommune

Del

NVE gjev Mygland kraftverk AS løyve til å bygge Mygland kraftverk i Litleåna og Kleivan Kraft AS løyve til å bygge Kleivan kraftverk i Kleiveåna. Dei to kraftverka vil få ein samla årleg produksjon på om lag 13,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 680 husstandar.

Etter NVE si vurdering kan dei mange planlagde småkraftverka i Kvinesdal føre til negative sumverknader for mellom anna biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. NVE meiner at bygging av Mygland kraftverk og Kleivan kraftverk ikkje vil ha verknader som strekkjer seg utover dei allmenne interessene knytt direkte til dei to elvene.

Løyve til Mygland kraftverk

Mygland kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Mygland kraftverk i Litleåna i Kvinesdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 7,85 GWh. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgde på 63 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel dei fyrste 260 m, mens resten av vassvegen ca 740 m ned mot kraftverket skal førast i nedgravne røyr. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget vil skadeverknadane for landskap og miljø være akseptable.

NVE meiner at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene og gjev difor løyve til Mygland kraftverk på fastsette vilkår. 

Løyve til Kleivan kraftverk

Kleivan kraft AS har søkt om løyve til å byggje Kleivan kraftverk i Kleiveåna i Kvinesdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,7 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 241 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr frå inntak til kraftstasjon. NVE meiner at med tilstrekkelig minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegga i byggetida, samt at det ikkje gis løyve til regulering av Djupevatn, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene og gjev difor løyve til Kleivan kraftverk på fastsette vilkår.


Kontaktpersonar

Begge kraftverk:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216.

Mygland kraftverk:
Avdelingsingeniør Hallgeir Aarbakk, tlf. 22 95 98 63

Kleivan kraftverk:
Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg 22 95 94 85

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Vær oppmerksom på tynn is i lavlandet i vinterferieuke15.2.2019 15:30:00Pressemelding

Ved inngangen til første vinterferieuke er vannene i fjellet nå stort sett farbare, men noen unntak finnes. Vær særlig oppmerksom på steder der vann strømmer under isen slik som innløp, utløp og i trange sund med gjennomstrømning. Tenk også på egen sikkerhet om du planlegger å krysse et vann. Kasteline, ispigger og tørre klær i sekken er enkle ting som kan være avgjørende for å overleve om du går gjennom isen.

Fusjoner og ny teknologi kan spare strømkundene for mer enn 2,6 milliarder kroner i året15.2.2019 09:00:00Pressemelding

Analyse av gjennomførte fusjoner viser betydelige kostnadsgevinster hos nettselskapene. I tillegg venter bransjen gevinster fra digitale løsninger. Ved å anta en ytterligere samling av nettselskap, og bruk av digitale løsninger, viser beregninger at strømkundene kan spare mer enn 2,6 milliarder i året, beregnet fra år 2025. På lengre sikt kan utsatte og reduserte investeringer bidra til en ytterligere kostnadsreduksjon.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom