Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Holldal kraftverk

Del

NVE gjev Holldal Kraft AS løyve til å bygge Holldal kraftverk i Vinje kommune, Telemark. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på 3,5 GWh noko som tilsvarar straumbruken til om lag 175 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall i Holldalsbekken på 215 meter over ei strekkje på om lag 1700 meter.

Utbygginga vil redusere vassføringa i Holldalsbekken. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva er det fastsett ei minstevassføring i Holldalsbekken på 20 l/s  gjennom heile året. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Meir om Holldal kraftverk på www.nve.no

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef  Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Avdelingsingeniør Kari-Anne Fange, tlf. 22 95 98 64

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom