Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Delvis nei til Haukå kraftverk

Del

NVE seier nei til planane for bygging av Haukå kraftverk, Flora kommune i Sogn og Fjordane. Avslaget gjeld utnytting av Tjørneselva og regulering av Tjørnesvatnet som ville redusert vassføringa i fossen Brudesløret. Samstundes gjev NVE løyve til eit mindre prosjekt i Stølsbekken.

Med dei opprinnelege planana ville kraftverket gitt ein årleg produksjon på 12 GWh. Kraftverket vil no få ein årleg produksjon på om lag 1 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 50 husstandar.

Ein utnytting av Tjørneselva vil få store og varige negative konsekvensar for landskapet fordi fossen Brudesløret, som er eit viktig landskapselement i kommunen, vil få sterkt redusert vassføring. Fråsegnspartane er samde om at ein eventuell utbygging må ivareta fossens landskapsverdi, noe NVE meiner er umogleg med det omsøkte prosjektet.

NVE meiner derfor at fordelane ved utnytting av Tjørneselva er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.

Løyve i Stølsbekken
Haukå kraftverk vil utnytte ei fallhøgd i Stølsbekken på 104 m frå kote 162 til kote 58 og endre naturleg vassføring på om lag 300 m elvestrekning. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntak til kraftstasjon.

Av omsyn til miljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring på 10 l/s heile året. Prosjektet fører til få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Stølsbekken. NVE vurderer utbygginga med de fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Meir om Haukå kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nettselskapa forventar 135 milliardar kroner i nettinvesteringar dei neste ti åra17.1.2019 09:00Pressemelding

I rapporten «Status og prognoser for kraftsystemet 2018» har NVE samanstilt informasjon frå kraftsystemutgreiingane for regional- og transmisjonsnettet frå 2017 og 2018, samt frå distribusjonsnettselskap. Forventa investeringar summerer seg til 135 milliardar kroner dei neste ti åra. Det vart investert 14 milliardar kroner i transmisjonsnettet i 2016 og 2017, noko som har bidrege til betydeleg betre forsyningstryggleik.. Ny teknologi kan gjere investeringsbehovet noko mindre.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom