Samferdselsdepartementet

Yrkessjåførar med syn på eitt auge skal få fortsette å jobbe som tungbilsjåførar

Del

– Yrkessjåførar med syn på eitt auge som har køyrt bil i mange år, skal framleis ha høve til dette. Vi kan ivareta tryggleiken i trafikken samstundes som vi ikkje tvinger dei det gjeld ut av yrket som sjåfør. Det handlar om arbeidsplassane til folk.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil leggje til rette for framleis å kunne gi unntak frå helsekrava for førarkort for lastebil og buss for personar med syn på eitt auge. Det har i mange år blitt stilt krav om syn på begge auge for å få førarkort til lastebil og buss. Det er likevel ein del sjåførar som har fått unntak. Etter gjeldande reglar kan det ikkje bli gitt unntak lenger enn 30. september 2019.

– Vi vil leggje til rette for at det også utover 30. september 2019 skal vere mogeleg å forlenge allereie innvilga unntak til førarar med syn på berre eitt auge, seier Dale.

Framleis krav om medisinsk vurdering og praktisk køyrevurdering

For å ivareta tryggleiken skal det framleis vere slik at dei aktuelle førarkortinnehavarane skal gå igjennom ein individuell medisinsk fagleg vurdering og som hovudregel gjennomføre praktisk køyre­vurdering før dispensasjonen kan bli forlenga.

Helsedirektoratet skal saman med Vegdirektoratet utarbeide og gjennomføre høyring av framlegg om endringar. Det blir lagt opp til at endringar skal kunne vere på plass i god tid før 30. september 2019.

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Ny postlov: Post annankvar dag i vekedagane – økonomisk støtte til omstilling i distriktsaviser i ein overgangsperiode10.4.2019 10:23:20 CESTPressemelding

- Dei siste 20 åra har brevvolumet gått dramatisk ned. Dette er resultatet av ein digital revolusjon, ikkje ei politisk styrt utvikling. Vi skal òg i framtida sørge for eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, men det må vere tilpassa det folk faktisk etterspør. I den nye postloven foreslår difor regjeringa å innføre postomdeling 2,5 dagar i veka. Samstundes ser vi at endringa kan vere utfordrande for aviser i distrikta. Regjeringa vil utvide ordninga med statleg kjøp av avisdistribusjon og auke mediestøtta for å leggje til rette for omstilling og digitalisering, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Ny postlov: Post annankvar dag i vekedagane – økonomisk støtte til omstilling i distriktsaviser i ein overgangsperiode10.4.2019 10:05:25 CESTPressemelding

- Dei siste 20 åra har brevvolumet gått dramatisk ned. Dette er resultatet av ein digital revolusjon, ikkje ei politisk styrt utvikling. Vi skal òg i framtida sørge for eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, men det må vere tilpassa det folk faktisk etterspør. I den nye postloven foreslår difor regjeringa å innføre postomdeling 2,5 dagar i veka. Samstundes ser vi at endringa kan vere utfordrande for aviser i distrikta. Regjeringa vil utvide ordninga med statleg kjøp av avisdistribusjon og auke mediestøtta for å leggje til rette for omstilling og digitalisering, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Endringar i regelverket for drosjer: Eit betre drosjetilbod for kundane10.4.2019 10:04:48 CESTPressemelding

- Regjeringa ønsker eit betre drosjetilbod til passasjerar i heile landet. Folk forventar gode dør-til-dør-tenester, og vi må sjå moglegheitene som ligg i ny teknologi. Vi forslår difor no å endre drosjereguleringa, for å få ein drosjemarknad som fungerer betre enn i dag og som legg til rette for meir innovasjon og større valfridom for kundane. Dette er viktige skritt mot morgondagens mobilitet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom