Landbruks- og matdepartementet

Vinstra har den beste sjukeheimsmaten i Noreg

Del
Sundheim bo- og treningssenter på Vinstra i Gudbrandsdalen er kåra til vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Om lag 200 institusjonar deltok i konkurransen i år, og fem finalistar kjempa om fyrstepremien på 30 000 kroner.

– Sundheim er ein verdig vinnar og viser korleis matglede skapast i praksis til glede for både bebuarar og nærmiljøet på Vinstra. Måltidsglede er viktig og konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk skal bidra til at eldre får servert personlig tilpassa måltider av høg kvalitet kvar dag, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.    

Gylne Måltidsøyeblikk har i år vore eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Forbrukerrådet. 

Bevisstheit om maten si betyding

Konkurransen skal bidra til auka bevisstheit om maten si betyding for trivsel og helse for hjelpetrengande eldre menneske. Ved sia av bevisstheit rund maten, er bebuarane og pårørande si moglegheit til å påverke kva dei får å ete også evaluert. God mat og moglegheit for sjølv å påverke kva som står på menyen gir matglede. 

Det er viktig at måltidet vert eit høgdepunkt og ikkje bare eit haldepunkt i kvardagen. Underernæring er ein stor utfordring blant eldre. Sundheim bu- og treningssenter tek dette på alvor. Kjøkkensjefen går kvar dag rundt og ber om innspel fra beboerane om kva han bør servere. Ut i fra deira ynskjer serverer han dei lekraste retter, seier Randi Flesland direktør i Forbrukerrådet. 

Juryen si grunngjeving for valet

"Sundheim er ein god stad å bu. Maten er velsmakande og vakkert tilrettelagt. Bebuarane gir klart uttrykk om maten fell i smak. Dei kjem med ønskje om rettar og råvarer når dei tilsette på kjøkkenet dagleg er rundt på avdelingane, noko som bidreg til stor glede og involvering i menyplanlegginga i praksis. Dei pårørande er velkomne til alle måltid. 

Kjøkkenet ser ut til å være institusjonen sitt hjarte både for dei som bur der fast, dei som kjem frå omsorgsbustadar rundt om, og dei som brukar staden som si kantine. Kjøkkenet er ein ressurs i lokalsamfunnet. Kjøkkensjef Espen Sætha er ei eldsjel som har mange planar for korleis kjøkkenet kan utviklast, mellom anna ved å levere mat til barnehage og skule. Ekstra inntekter kjem frå sal av mat til ulike arrangement som bygdefest, dåp eller gravferd. Kjøkkenet serverer jamt norsk tradisjonsmat frå egen region og ønskjer i større grad å ta i bruk lokale råvarer ". 

Ut frå eit spørjeskjema om mat, måltidsinnredningar, brukarmedverking, pårørande si moglegheit til å ete med sine, samt bruk av lokalmat, blei fem finalistar valt ut. Dei var:

  • Gloppen omsorgssenter i Sogn og Fjordane.
  • Løten helsetun i Hedmark
  • Vanylven helse- og omsorgssenter i Møre- og Romsdal
  • Økernhjemmet i Oslo 
  • Sundheim bo- og treningssenter i Oppland.

Alle finalistane blei besøkt av ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerrådet, Pårørandeaksjonen og Landbruks- og matdepartementet for å få eit totalinntrykk av kandidatane. 

Juryen besto av: Statsråd i Landbruks- og matdepartementet Jon Georg Dale, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Fredrik Wang Gierløff, direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet, kokk Inge Johnsen frå Liantunet, Birgitta Fyrand frå Pårørandeaksjonen og Bård Hoksrud, Stortinget. Juryen si grunngjeving var samstemt.

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye