Vil ha internett i Arktis
- Raskt og stabilt internett er viktig for dei som driv aktivitet i nordområda, enten det gjeld skipstrafikk, forsvar, fiskeri eller forsking, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Space Norway AS har sidan 2015 arbeidd med å etablere satellittbasert kapasitet for breibandkommunikasjon i nordområda. Space Norway sitt prosjekt baserar seg på ei løysing med to satellittar, som vil gje dekning 24 timar i døgnet i området nord for 65. breiddegrad. Satellittane har ei venta levetid på 15 år. Om alt går etter planen, skal satellittane skytast opp i 2022.
For å komme vidare i forhandlingar med kundar, leverandørar og bankar, treng selskapet no ein lovnad om at staten som eigar vil medverke med eigenkapital på rundt 1 milliard kronerdersom selskapet klarar å forhandle fram gode avtalar.
Regjeringa foreslår difor å gje eit betinga tilsegn om om rundt 1 milliard kroner i eigenkapital til Space Norway AS for å realisere dette prosjektet. Det betyr at staten vil medverke med eigenkapital dersom Space Norway landar avtalar som mellom anna sikrar at prosjektet er forretningsmessig lønsamt. I tillegg skal marknadsrisiko bærast av kundane gjennom at inntekta til prosjektet er sikra for heile satellittane si levetid.
- Space Norway AS sitt prosjekt representerer ein spannande moglegheit til å få dekka samfunnet sine behov for breibandkommunikasjon til ein låg kostnad for staten. I tillegg vil eit solid kommunikasjonssystem legge til rette for auka verdiskaping i nordområda, seier Røe Isaksen.
- Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske ansvarsområde. Det er difor naturleg at vi tek ei leiande rolle for å få etablert betre kommunikasjon i området, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).
Dårleg dekning i nordområda skapar utfordringar for ivaretaking av sikkerheit- og beredskapsrealterte myndigheitsoppgåver som sjøredning, oljevern og krisehandtering. Ikkje minst har Forsvaret behov for stabil og sikker kommunikasjon ved operasjonar i norske farvatn.
- Space Norway sitt prosjekt er viktig for det norske Forsvaret, og kan også dekkje behova til våre allierte, seier Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).
Kontakter
Trond VikenKommunikasjonssjef
Tel:992 18 303tvi@nfd.dep.noOm Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Nye statsråder i Nærings- og fiskeridepartementet19.4.2024 16:26:55 CEST | Pressemelding
Cecilie Myrseth (Ap) er utnevnt til næringsminister og Marianne Sivertsen Næss (Ap) er utnevnt til fiskeri- og havminister i statsråd 19. april.
Norge og USA enige om å inngå strategisk mineralsamarbeid18.4.2024 10:39:30 CEST | Pressemelding
Norske og amerikanske myndigheter er enige om å starte formelle forhandlinger om strategisk mineralsamarbeid. Enigheten kom på plass etter næringsminister Jan Christian Vestres besøk i Det hvite hus i Washington DC onsdag.
Fiskeri- og havministeren til Bergen14.4.2024 08:05:00 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth er i Bergen mandag 15. og tirsdag 16. april.
Inviterer til innspill om handelspolitikk 2.011.4.2024 06:00:00 CEST | Pressemelding
Næringsminister Jan Christian Vestre ber om innspill til den første stortingsmeldingen om handel og grønn globalisering.
Næringsministeren opna Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg for aluminium: - Eit framifrå eksempel på det grøne skiftet10.4.2024 15:33:23 CEST | Pressemelding
Hydro har gjort betydelege investeringar i resirkuleringsteknologi som svar på den aukande etterspurnaden etter aluminium med lågt karbonfotavtrykk. Satsinga blei i dag markert av næringsminister Jan Christian Vestre med ei offisiell opning av den oppgraderte støpelinja ved Hydro si fabrikk i Årdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom