Fiskebåt

Viktig at NOx-avtalen blir ført vidare

Del
Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon - er glad for at NOx-avtalen er fornya for ein periode på åtte år (2018 – 2025). Dei to første NOx-avtalane har vore ein viktig pådrivar for å redusere utslepp av skadelige nitrogenoksider (NOx) frå næringslivet.

Avtalane har bidrege sterkt til at Norge har nådd sine utsleppskrav for NOx i forhold til Gøteborg-protokollen om langtransportert luftforureining.

Den fornya avtalen bygger på dei same prinsippa som avtalene som har vore gjeldande i 2008 – 2017. Unntaket er at den nye avtalen er formulert som eit kollektivt NOx-utsleppstak som næringslivet må halde seg under, uavhengig av aktivitetsendringar, mens dagens avtale krev årlige NOx-reduksjonar. I korte trekk gir avtalen fritak for NOx-avgift mot at næringa oppfyller miljømålet om reduserte utslepp av NOx.  Dette inneber eit avgiftsfritak på om lag to milliardar kroner årleg, der om lag halvparten omfattar olje- og gassnæringa.

- NOx-avtalen har vore ein viktig pådrivar for å styre fiskeflåten i ei meir miljøvenleg retning, og stimulere til å innføre meir miljøvennleg teknologi. Vi driv i ei evigvarande næring, og har eit stort miljøengasjement i alt vi foretek oss, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt, og nestleiar i styret for NOx-fondet.

NOx-avtalen har så langt ført til ein reduksjon av utsleppa med meir enn 30.000 tonn sidan 2008, eller omtrent 20 prosent av dagens NOx-utslepp i Norge. Fiskeflåten har vore ein vesentleg bidragsytar til dette.

- Tiltaka er gjennomført på ein kostnadseffektiv måte, og nye miljøteknologiske løysingar er utvikla og tatt i bruk. NOx-fondet har vist at frivillige miljøavtalar kan ha langt større effekt på utsleppsreduksjonar enn avgifter, og at dei negative konsekvensane for næringslivet blir langt mindre, seier Maråk.

Ein positiv bieffekt av NOx-avtalen er at utsleppa av CO2 er redusert med knapt 700.000 tonn som følgje av omlegging til økt bruk av naturgass til erstatning for diesel i skipsfarten, elektrifisering av ferger, og andre energieffektiviserande tiltak i medlemsbedriftene. 

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Jan Ivar Maråk, ass.dir. i Fiskebåt

Tlf. +47 913 95 412
e-post: jan-ivar@fiskebat.no

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye