Nærings- og fiskeridepartementet

Vidarefører kongekrabbeordning

Del
Nærings- og fiskeridepartementet held fast på at berre fiskarar frå Aust-Finnmark kan fange kongekrabbe i det kvoteregulerte området.

Departementet har vedteke forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område aust for 26 grader aust i 2018. Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1750 tonn hannkrabbar og 100 tonn hokrabbar. Av totalkvote hannkrabbar er 175 tonn avsett til skadde hannkrabbar i det kvoteregulerte området i 2018. Det er avsett 16 tonn hannkrabbar til turistfiske, 1 tonn hannkrabbar til fritidsfiske og 1 tonn til forskingsføremål.

Spørsmålet om fartøy frå Vest-Finnmark skal få delta har vore på høyring.

- Dei fleste høyringsintansane er negative til å la fleire få delta i dette fisket. Dersom vi eventuelt skal gå vidare med forslaget må vi gjere ei grundig vurdering av konsekvensane, seier statssekretær Veronica Pedersen Åsheim (Frp).

Fiskarar som vil ha full kongekrabbekvote må fiske andre fiskeslag for over 100 000 kroner. Dette aktivitetskravet blir endra til 200 000 kroner i 2019.

- Vi ventar med å endre dette kravet til 2019, slik at fiskarane kan innrette seg etter dette, seier statssekretæren.

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye