Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Vedtak og innstillingar til småkraft og vassdragsregulering i Sør-Troms

Del

NVE gjev løyve til Løvdalselva kraftverk i Gratangen og Plasselva og Sandneselva kraftverk i Lavangen. Rørelva og Segelelva kraftverk i Skånland og Dudal og Belneselva kraftverk i Gratangen får avslag. Samstundes anbefaler NVE at OED gir løyve til regulering av Foldvikvatnet og til bygging av Øvre Foldvik kraftverk og Nedre Foldvik kraftverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil, saman med dei to som har fått positiv innstilling, produsere om lag 52 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 2650 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 33,2 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

Verknad på landskap og friluftsliv har vore det viktigaste temaet i NVEs vurdering av Rørelva, Segelelva, Dudal og Belneselva kraftverk. For Løvdalselva, Plasselva og Sandneselva kraftverk har mellom anna anadrom fisk, reindrift og landskap vore dei viktigaste tema. Når det gjeld Øvre og Nedre Foldvik har ulempene for reindrift, naturverdiar, landskap og friluftsliv vore vege opp mot fordelane ved auka produksjon av ny fornybar energi. Foldvikanlegga vil i tillegg gje regulerbar energi.

Det er gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner har minst innverknad på ålmenne interesser. Sjølv om planane om Plasselva kraftverk møtte ein del motstand i den offentlege høyringa meiner NVE at verknadane er akseptable gitt avbøtande tiltak.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVEs vurdering vil mindre tilpassingar heller ikkje kunne endre vår konklusjon i dei resterande sakene.

Les meir om dei einskilde sakene:

Kommune: Skånland  Kraftverk: Rørelva kraftverk Søker: Clemens Kraft AS Produksjon: 8,9 Vedtak: Avslag

Kommune: Skånland Kraftverk: Segelelva kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 5,9 Vedtak: Avslag

Kommune: Gratangen Kraftverk: Dudal kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 11,1 Vedtak: Avslag 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Øvre Foldvik kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 8,3 Vedtak: Positiv innstilling til OED

Kommune: Gratangen Kraftverk: Nedre Foldvik kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 16,8 Vedtak: Positiv innstilling til OED

Kommune: Gratangen Kraftverk: Løvdalselva kraftverkSøker: Norsk Vannkraft AS Produksjon: 5,6 Vedtak: Konsesjon

Kommune: Gratangen Kraftverk: Belneselva kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 7,3 Vedtak: Avslag

Kommune: Lavangen Kraftverk: Plasselva kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon: 10,4 Vedtak: Konsesjon

Kommune: Lavangen Kraftverk: Sandneselva kraftverkSøker: Småkraft AS Produksjon: 11,2 Vedtak: Konsesjon

Kontaktpersonar:

Seniorrådgiver Auen Korbøl tlf: 984 47 544/ epost: auko@nve.no

Seksjonssjef Øystein Grundt tlf: 901 98 216/ epost: oegr@nve.no

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom