Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Varsel om endring til gult farenivå for Veslemannen i Rauma kommune

Del
Bevegelsane i fjellpartiet Veslemannen har den siste veka auka gradvis. Hastigheita er om lag 9 mm/døgn i øvre del av området, og rundt 1 mm/døgn for nedre del av området. Som følgje av dette hevar NVE farenivået til gult, noko som inneber at overvakingsrutinane blir noko intensivert.

I vinter var det ubetydeleg bevegelse ved fjellpartiet, men i samband med snøsmeltinga i starten av mai blei det bevegelsar i fjellpartiet att. Gjennom sommaren har det vore jamn bevegelse.

Veslemannen er ein avgrensa del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen, som har hatt relativt store bevegelsar dei siste haustane. Området ligg 1100-1200 moh. og har et volum på 120 000 – 180 000 m3. Dette er om lag ein prosent av det totale volumet av Mannen. Medan den årlege bevegelsen til Mannen er opptil 2 cm/år, har bevegelsen på Veslemannen vore opptil 1 m/år.

Daglege rapportar om bevegelsane vil bli publisert på: https://www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/

Kontaktpersonar:
Geolog i NVE Ingrid Skrede, Tlf: 47 64 28 61
NVEs pressetelefon: 489 97 667

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye