Samferdselsdepartementet

Utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg

2.6.2016 11:50 | Samferdselsdepartementet

Del

- Det regionale flytilbodet er ein viktig del av vårt samferdselstilbod. Dette gjeld spesielt i Nord-Noreg, der transportavstandane er store. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg vil regjeringa sikre eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut ein ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Nord-Noreg. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. august 2016.

For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive, kjøper staten flytransport etter ein konkurranse blant flyselskapa. Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav til drifta av  flyrutene. Desse krava omfattar setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.

Samferdselsdepartementet inngår som hovudregel kontrakt med flyselskap som tilbyr å drive ei flyrute eller eit ruteområde til den lågaste kostnaden for staten.

Ny konkurranse om flyruter i Nord-Noreg
Statleg regulering og kjøp blir vidareført på alle ruter som i dag er omfatta av ordninga med statleg kjøp.

Departementet har i utforminga av konkurransegrunnlaget arbeidd for å leggje til rette for auka konkurranse om rutene som staten skal kjøpe.
Konkurransen omfattar følgjande flyruter i perioden 1. april 2017 – 31. mars 2022:

Nummer

Ruteområde

1

Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord,   Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta.

2

Hasvik – Tromsø v.v., Hasvik – Hammerfest   v.v. og Sørkjosen – Tromsø v.v.

3

Lakselv – Tromsø v.v.

4

Andenes–Bodø, Andenes–Tromsø v.v.

5

Harstad/Narvik–Tromsø v.v.

6

Leknes – Bodø v.v.

7

Svolvær – Bodø v.v.

8

Røst–Bodø v.v.

9

Brønnøysund–Bodø,   Brønnøysund–Trondheim v.v.

10

Sandnessjøen–Bodø,   Sandnessjøen–Trondheim v.v.

11

Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim v.v.

12

Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim   v.v.

13

Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim v.v.

 

Eit meir effektivt og marknadstilpassa flytilbod  
Fram til utlysinga for ruteflyging Sør-Norge i 2015, var det i tidlegare anbodsrundar sett rigide krav til dagleg frekvens og setekapasitet på flyrutene. I denne konkurransen er det, som i anbodsrunden for Sør-Noreg, sett krav til setekapasitet per år i tillegg til lågare minstekrav til daglege avgangar. Dette opnar for at flyselskapa kan auke talet på avgangar på dagar med høg etterspurnad og redusere flytilbodet på dagar med låg etterspurnad. Dette  gir flyselskapa større rom til å tilpasse flytilbodet til lokale reisevanar.

Samferdselsdepartementet sett heller ikkje krav til flystorleik i denne runden. Samstundes gjeld krav om setekapasitet per år. På ruter der mindre fly kan vere eit alternativ, må kapasitetskravet bli dekt ved å ha fleire avgangar enn med større fly.

Moglegheitene for å kombinere fleire ruteområder er utforma med tanke på å leggje til rette for konkurranse og samstundes hente ut stordriftsfordelar som kan gi staten lågare kostnader.

Ny modell for billettprisar
Som for flyrutene omfatta av ordninga med statleg kjøp i Sør-Noreg, er det innført ein ny lineær kostnads- og avstandsbasert prismodell. Dette sørgjer for likebehandling av flyrutene og ei prissetting basert på objektive kriterier.

Strenge krav til flytryggleik
Samferdselsdepartementet held fram med å stille strenge krav til flytryggleik i konkurransen. Flyselskap som vil vinne fram, må nytte seg av satellittbasert instrumentinnflyging der dette er mogleg.Det er òg krav til treningsprogram for flyging på kortbaner. Ei ny forskrift med krav til trykkabin på ruteflyging over fjellområder har nyleg blitt fastsett av Luftfartstilsynet. Dette er det tatt omsyn til i krava for dei ulike ruteområda, og fleire ruter der det ikkje har vore krav om trykkabin tidlegare, har no fått eit slikt krav.

 For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Vil gjøre det enklere å bygge ekomnett langs veier og jernbanelinjer11.8.2017 11:16Pressemelding

- Elektronisk kommunikasjon blir en stadig viktigere del av hverdagen vår. For å gjøre ekomnettene mer robuste, er det derfor behov for å etablere flere alternative nett og føringer over hele landet med god kapasitet. Her er det i dag et uutnyttet potensial i vei- og baneinfrastrukturen vår. Vi ønsker derfor at ledig kapasitet til fibernett og føringsveier skal bli lettere tilgjengelig for tilbydere av ekomnett ved bygging og oppgradering av veier og jernbanelinjer, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Vossebanen: Strekningen Arna-Stanghelle planlegges som tidligere forutsatt11.8.2017 11:08Pressemelding

- Jeg er opptatt av at infrastrukturprosjekter skal planlegges så effektivt som mulig. Avtalen om planleggingsmidler til jernbanestrekningen Arna-Stanghelle som Jernbanedirektoratet og Bane NOR nå har undertegnet, sikrer at prosjektet planlegges uten opphold, akkurat slik vi har forutsatt hele tiden. Dette bidrar til at byggingen kan komme i gang så tidlig som mulig, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Signerte ny belønningsavtale om bedre kollektivtransport i Grenland9.8.2017 14:38Pressemelding

- Regjeringen ønsker at kollektivtransporten skal ta en større del av dagens persontransport med bil i byområdene. Grenland er blant de største byområdene i landet, og det er derfor viktig at kollektivtilbudet er attraktivt. Utviklingen de siste årene har vært god, og med den nye belønningsavtalen legger vi til rette for at enda flere skal velge kollektivtransport istedenfor bil i byområdet, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Betre og meir miljøvennlig ferjesamband i indre Sogn13.7.2017 12:00Pressemelding

- Regjeringa ønsker ein meir fleksibel kvardag for folk og næringsliv i heile landet. No styrkar vi riksvegferjesambanda Mannheller-Fodnes og Hella-Vangsnes-Dragsvik i Sogn og Fjordane slik at det får betre løysing for reserveferje. Det skal vere på plass tidlegare enn i dag ved driftsbrot, for å sikre gode tilbod til ei kvar tid. Fartøya skal òg driftast på låg- eller nullutsleppsteknologi, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom