Mattilsynet

Unngå bakteriar i julematen

Del
Ein god julelunsj eller middag skal vare lenge, men når varme rettar blir ståande framme for lenge kan dei bli grobotn for bakteriar. Her får du tips om korleis du skal unngå bakteriar i julematen.
Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet.  Foto: Scanpix.
Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet. Foto: Scanpix.

Mange av rettene på eit godt julelunsj- eller middagsbord består av mat som er laga på førehand, og som berre skal varmast på nytt før servering. Desse rettene bør serverast rykande varme. Bakteriar veks i temperaturar mellom 20 og 40°, medan dei aller fleste døyr når maten blir varma opp til over 70°. Restar som skal etast dagen etter, må også varmast opp skikkeleg.

Set restar til rask avkjøling

Verken varme eller kalde retter som sild og laks bør stå for lenge på spisebordet. Set maten i kjøleskapet med ein gong maten er servert siste gong.

Skal du arrangere ein større julefrukost, må du truleg ordne i stand maten dagen før. Dersom du til dømes baker leverpostei, koker skinke eller lagar riskrem av risgraut, bør du setje maten rett inn i kjøleskapet etter at han er avkjølt.

Rydd kjøleskapet

Lett bedervelege næringsmiddel som kjøtt og pålegg bør alltid oppbevarast i kjøleskap, der temperaturen bør vere 4° eller lågare.

Rydd og gjer reint i kjøleskapet før du gjer julehandelen. Dersom det likevel knip om plassen, kan du flytte ut hermetikk, mineralvatn, frukt og grønsaker.

I eit overfylt kjøleskap blir det for lite luftsirkulasjon, noko som kan føre til at temperaturen stig. Sjekk difor termostaten, og juster temperaturen om nødvendig.

Hald rå og tillaga mat frå kvarandre

Når du lagar i stand julefrukosten eller julemiddagen, skal du halde råvarene borte frå ferdig mat. Det er spesielt viktig å unngå at rått kjøtt, fjørkre, fisk eller egg kjem i kontakt med mat som skal etast utan at han blir varma opp ytterlegare.

Byt arbeidsreiskap mellom dei forskjellige råvarene og mellom råvarer og ferdiglaga mat – eller vask reiskapane godt mellom kvar oppgåve.

Vask hendene

Sist, men ikkje minst: Du bør alltid vaske hendene før du lagar mat, et mat, mellom handtering av ulike råvarer og sjølvsagt etter toalettbesøk.

Følg råda på Mattilsynets miniplakat "Ikkje nok å vere god kokk" når du lagar mat.

Bilder

Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet.  Foto: Scanpix.
Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet. Foto: Scanpix.
Last ned bilde

Lenker

Om Mattilsynet

Mattilsynet
Mattilsynet
Felles postmottak - postboks 383
2381 Brumunddal

22 40 00 00https://www.mattilsynet.no

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Mattilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Mattilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Mattilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye