Fiskebåt

Uforståeleg dom, men droppar anke

Del
Saka mot reketrålaren Remøy blir ikkje anka. Dommen på til saman 8,1 millionar norske kroner blir difor ståande. – Vi er dømt for ein feil som vi ikkje har gjort, seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske AS.

Avgjerda om å droppe anken er tatt i samråd med advokatar og norske styresmakter.

- Saka har pågått lenge og har vore og er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Vi har difor valt å ikkje gå vidare med saka i det russiske rettssystemet. Dette er ingen aksept for avgjerda, men vi har fått klare råd frå advokatane om at det vil vere vanskeleg å nå fram med saka i retten, seier Olav Remøy.

Sidan 10. mai
Reketrålaren Remøy blei tatt i arrest av russisk kystvakt 10. mai i år, som følgje av at Fiskeridirektoratet hadde gjort ein feil ved utfylling av eit lisensskjema til russiske styresmakter. Fartøyet fiska på ei norsk kvote i russisk sone, og rapporterte dagleg fangstane til norske og russiske styresmakter, slik reglane krev.

Etter at norske styresmakter garanterte for eit kausjonskrav på 90 millionar norske kroner fekk Remøy forlate Murmansk. Mannskap og båt hadde då ligge tre veker i arrest i Murmansk.

Saka har deretter vore oppe for russisk rett fem gongar.

Dialog
Remøy Havfiske vil no gå i dialog med norske styresmakter for å avklare korleis dommen skal følgast opp vidare.

- Vi har hamna i denne situasjonen på grunn av ein feil som Fiskeridirektoratet har gjort. Vi tar det difor for gitt at norske styresmakter også tar ansvaret og ordnar opp, slik at mannskap og reiarlag får kompensert for tapet som vi har hatt som følgje av denne saka, seier Remøy.

Ifølgje dommen frå russisk rett er Remøy Havfiske i lagt ei bot på 5,4 millionar norske kroner og skipperen er i lagt ei bot på 2,7 millionar norske kroner.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Olav Remøy, styreleiar/Remøy HavfiskeAS    Odd Kristian Dahle/ info.leiar i Fiskebåt

Tlf. +47 926 30 953                                           Tlf. +47 906 15 658                                                   

E-post:olav@fiship.no                                       E-post: odd-kristian@fiskebat.no

Kontakter

Olav Remøy, styreleiar/Remøy HavfiskeAS
Tlf. +47 926 30 953
E-post:olav@fiship.no

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye