Medietilsynet

TV 2 får første utbetaling som kommersiell allmennkringkastar

Del
Denne veka får TV 2 første utbetaling for å drive kommersiell allmennkringkasting. Avtalen mellom TV 2 og staten inneber at TV 2 får dekt nettokostnadar på 135 millionar kroner årleg i fem år for å levere mellom anna daglege nyheitssendingar frå Bergen, norskspråklege program for barn og unge, norsk film og tv-drama.
Medietilsynet fører tilsyn med avtalen mellom TV 2 og staten som inneber at TV 2 får dekt nettokostnadar på inntil 135 millionar kroner årleg i fem år for å levere mellom anna daglege nyheitssendingar , norskspråklege barneprogram og  norsk film og tv-drama.  Foto TV 2

Avtalen om kommersiell allmennkringkasting som staten inngjekk med TV 2 i september varar frå 2019 til 2023. Desse åra får TV 2 dekt nettokostnadene knytta til allmennkringkastaroppdraget med inntil 135 millionar kroner kvart år.

No utbetalar Medietilsynet den aller første av fire årlege utbetalingar til TV 2 på 33 750 000 kroner. Dette utgjer ein firedel av det årlege maksimumsbeløpet.

– Den endelege kompensasjonen for 2019 blir først fastsett når Medietilsynet vurderer allmennkringkastarrekneskapen til TV 2, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. I april 2020 skal TV 2 levere informasjon til Medietilsynet der selskapet viser korleis krava i avtalen er oppfylte i 2019.

TV 2 må ha separate rekneskap

TV 2 må gi oversyn over inntekter og utgifter for allmennkringkastingsverksemda, sidan det berre er nettokostnadane TV 2 har for å levere dette innhaldet staten skal gi økonomisk kompensasjon for. Rekneskapen for allmennkringkastingsverksemda må haldast åtskilt frå den øvrige verksemda til TV 2.

– Medietilsynet si oppgåve er å sikre at TV 2 får rett kompensasjon for å levere allmennkringkastingsoppdraget, og at den offentlege støtta ikkje kryss-subsidierer TV 2s øvrige verksemd, sier Mari Velsand.

Les meir om kva TV 2 skal levere i "Fem ting du bør vite om TV 2-avtalen"

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Medietilsynet fører tilsyn med avtalen mellom TV 2 og staten som inneber at TV 2 får dekt nettokostnadar på inntil 135 millionar kroner årleg i fem år for å levere mellom anna daglege nyheitssendingar , norskspråklege barneprogram og  norsk film og tv-drama.  Foto TV 2
Medietilsynet fører tilsyn med avtalen mellom TV 2 og staten som inneber at TV 2 får dekt nettokostnadar på inntil 135 millionar kroner årleg i fem år for å levere mellom anna daglege nyheitssendingar , norskspråklege barneprogram og norsk film og tv-drama. Foto TV 2
Last ned bilde

Lenker

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye