Norges idrettshøgskole

Trening etter fødsel kan betre sexlivet

Del

Sju av ti kvinner får problem med underlivet etter graviditet. Gjennom trening kan ein del få hjelp med plagene, ifølgje fysioterapeut og stipendiat Merete Kolberg Tennfjord ved Norges idrettshøgskole.

Foto: NIH
Foto: NIH

- Mange kvinner opplever eit press om at kroppen raskt skal bli bra etter ein fødsel. Men det er veldig vanleg å ha plager i bekken og underliv, og mange opplever at det går ut over seksuallivet, seier stipendiat Merete Kolberg Tennfjord. 

Trening kan hjelpe  

I doktorgraden sin har ho følgt 300 friske, førstegongsfødande kvinner.Treninga starta seks veker etter fødsel og varte i fire månader. Programmet omfatta heile kroppen, i tillegg vart bekkenbotnen trena spesielt. 

- Vi såg at det var færre kvinner i treningsgruppa som fekk problem med underlivet, seier Tennfjord. 

- Kvinner må få informasjon

Ifølgje Tennfjords funn er dei mest hyppig rapporterte underlivsplagene smerter frå bekken og underliv, ei kjensle av at skjeden er meir open, samt at underlivet er tørt og sårt.

Ho meiner at det er på høg tid å snakke meir om slike plager. Mødrer kjem til kontrollar i helsevesenet både under graviditeten og etter fødselen, og her bør dei få informasjon om kva dei kan gjere for å førebyggje.

- Både jordmor og lege som følgjer den gravide før fødselen, og lege og helsesøster som følgjer mor etterpå, bør vere bevisste på dei plagene som kan oppstå, seier ho. 

Ein jobb som bør applauderast 

Tennfjord jobbar også som fysioterapeut. Ho har opplevd at mange er redde for at kroppen ikkje skal komme tilbake til det normale igjen.

- Da må ein også tenkje på kva kroppen har klart å få til. Kvinna har gjort ein real jobb som bør applauderast. Det første året etter fødselen er mor i ein helingsprosess. Dei aller fleste får eit normalt liv og eit godt sexliv igjen etterpå, seier Merete Kolberg Tennfjord. 

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Norges idrettshøgskole

Norges idrettshøgskole
Norges idrettshøgskole
Sognsveien 220
0863 Oslo

23 26 20 00http://www.nih.no

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg, nasjonalt ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Følg saker fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom