Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tre løyve og eit avslag til småkraftverk i Nordfjord

Del

NVE gjev løyve til Sigdestad og Elde kraftverk i Bremanger kommune og Stårheim kraftverk i Eid kommune i Sogn og fjordane. Kloveelva kraftverk i Eid kommune får avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 39 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1800 husstandar. Prosjektet som fekk avslag, kunne gitt om lag 8 GWh/år.

Anadrom fisk, ål og landskap, har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet som har fått løyve for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som vil bøte på dei negative verknadane av kraftverket som har fått avslag.

Les meir:

Kloveelva kraftverk

Stårheim kraftverk

Sigdestad kraftverk

Elde kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt      tlf.: 22 95 93 89 / 901 98 216

Rådgivar Kirsten Marthinsen  tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom