Samferdselsdepartementet

Transport21: Korleis skal vi løyse framtidas transportutfordringar

Del

- Digitalisering og autonomi brukt på rett måte kan skape ein betre reisekvardag, effektivisere næringstransporten og hjelpe oss å nå andre viktige mål i transportpolitikken. Teknologi vil også vere avgjerande for å oppnå utslippskutt. Eg er difor glad for at vi gjennom Transport21 no samlar flinke og engasjerte folk som kan gje oss råd om korleis vi best kan innrette innsatsen for forsking og innovasjon i samferdselssektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Forskingsrådet finne ut på kva måte forsking, utvikling og innovasjon best kan vere med på å løyse store transportutfordringar.

Arbeidet skal skje i ein såkalla 21-prosess, med representantar frå næringsliv og kunnskapsmiljø samla i ei strategigruppe. Ruter-sjef Bernt Reitan Jenssen er utpekt til leiar. Strategigruppa skal levere sin rapport til Samferdselsdepartementet hausten 2019.

Transportsektoren står ovanfor store utfordringar knytt til framkome, klima/miljø og transportsikkerheit. Forsking, utvikling og innovasjon må til for å løyse desse utfordringane, heiter det i mandatet til strategigruppa.

Det er eit særleg mål for Transport21 å fremje næringslivets interesse for og innsats innan forsking, utvikling og innovasjon.

- I Noreg har vi på nesten unikt vis teke i bruk ressursar frå heile landet vårt. Verdiskaping i Noreg er avhengig av mykje transport, også i framtida – og den må vere effektiv, trygg og til å stole på. Transportsektoren må henge med på teknologiutviklinga, og vere tidleg ute når det er rett. Eg er derfor særleg nøgd med at Transport21 også vil gje regjeringa råd om pilotering og testing av konkrete løysingar. Transportsektoren sjølv og alle som arbeider tett på den har mykje å vinne på å vere best mogleg budd på framtida. Vi ser at ny teknologi skapar både nye moglegheiter og nye utfordringar, seier samferdselsministeren.

Regjeringa har tidlegare sett i arbeid fleire 21-prosessar, til dømes Digital21, Energi21 og Maritim21.

Medlemmer i strategigruppa

  • Bernt Reitan Jenssen (leiar) - Administrerande direktør, Ruter
  • Silvija Seres - President, Polyteknisk forening (Oslo)
  • Stein W. Wallace - Professor Dep. of Business and Management Science, NHH (Bergen)
  • Rune Storvold - Forskingssjef, NORCE (Tromsø)
  • Torbjørn Johannson - Styreleiar, ASKO (Oslo)
  • Anna von Streng Velken - Seksjonsleiar Transport og luftkvalitet, Miljødirektoratet (Oslo)
  • Nils Kalstad Svendsen - Leier av Dept. of Information Security and Communication Technology, NTNU Gjøvik (Gjøvik)
  • Ketil Olaf Paulsen - Teknologileiar Kongsberg Maritim, Kongsberggruppen (Kongsberg)
  • Basit Mohammad - Seniorrådgjevar Innovasjon, Avinor (Oslo)
  • Ragnhild Wahl - Fagansvarleg FoU, Jernbanedirektoratet (Trondheim)
  • Hanne Nettum Breivik - Direktør, Entur (Oslo)
  • Beate Kvamstad-Lervold - Leiar for SINTEFs mobilitetssatsing, SINTEF (Trondheim)
  • Gina Ytteborg - Avdelingsdirektør, Statens vegvesen (Oslo)
  • Patrick Waldemar - Forskingssjef, Telenor (Oslo)
  • Gunnar Lindberg - Direktør, Transportøkonomisk institutt (Oslo)
  • Siri Vasshaug - Prosjektleiar, Smartere Transport Bodø (Bodø)
  • Thorkel Askildsen - Seniorrådgjevar, Kystverket (Arendal)

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Tømmertransporten skal fram på utbetra vegar20.3.2019 10:30:00 CETPressemelding

PRIV TIL RED.: OPPDATERT 22.03 MED KORREKT FV-NR: Fv 17 Folda bru - Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Trondheimsområdet får byvekstavtale – sikrer statlige bidrag til Metrobuss og tiltak for gående og syklende15.3.2019 14:19:01 CETPressemelding

- Dette er en viktig milepæl, og jeg gratulerer både innbyggerne og politikerne i Trondheimsområdet med resultatet av forhandlingene. Jeg håper de pågående forhandlingene med andre storbyområder kan sluttføres med tilsvarende gode opplegg for bedre fremkommelighet, miljø og arealbruk, sier statssekretær Anders Werp i Samferdselsdepartementet.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom