Stiftelsen Norsk Mat

Tradisjonskost med og utan dott

Del
- For ein vestlending er det ekstra stas å heidre Signe sine raspeballar på sjølve komletorsdag. Raspeballar er ekte, norsk tradisjonskost og smakar heilt fantastisk, sa Landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han delte ut Spesialitet-merket til Signes Raspeball for deira raspeballar med og utan flesk på Bondeheimen i Oslo.
Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydal (Signes raspeballer) og Nina Sundqvist (Matmerk) foto Matmerk
Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydal (Signes raspeballer) og Nina Sundqvist (Matmerk) foto Matmerk

Spesialitet garanterer deg ei unik smaksoppleving. Kva slags mat- og drikkevarer som kjem gjennom nålauge blir bestemt av ein uavhengig fagjury, som sniffar, smakar og smattar seg gjennom produkta som ynskjer å bruke merket. Fagjuryen vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet.

Om Signe sine handlaga raspeballar var juryen einige; raspeballane smakar akkurat slik komler skal smake. – Eg kunne ikkje laga dei betre sjølv, sa fagjurymedlem Britt Kåsin.

– Eg har verkeleg lagt sjela mi i raspeballane, så du kan tenkje deg at jubelen sto i taket når eg fekk den gledelege nyheita. Raspeballane har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt, og alle er laga for hand, seier gründer og dagleg leiar Signe Nydal i Signes Raspeball.

Handlaga husmannskost Raspeball, eller komle, klubb, ball eller kompe er ekte, norsk tradisjonskost. Konsistens, tilbehøyr og om dei er fylt med flesk eller ikkje, kan variere frå bygd til bygd. Signes Raspeball held til i Førde, og har sidan1995 trilla raspeballar til lokale butikkar, hotell og kaféar for hand.

No håpar Signe at Spesialitet-merket kan bidra til at endå fleire oppdagar raspeballen, i fleire delar av landet. – Spesialitet-merket synleggjer produkt med unik smak, og det trur eg kan bidra til at fleire no vil smake den herlege ballen frå Vestlandet, seier ho med eit lurt smil.

Signe sine handlaga raspeballar blir lagd av gode, norske råvarer. Poteter frå Toten, norsk kveite- og byggmjøl, Hoff potetflakes og svineflesk frå Fatland. I løpet av eit år produserer Signe Raspeball mellom 80-100 tonn raspeballar, og har ein omsetnad på fem millionar kroner. Raspeballane har ein luftig konsistens, duftar godt av potet og smakar som heimelaga.

Nøkkelord

Kontakter

Signe Nydal, dagleg leiar Signes Raspeball AS, tlf: 976 53 797

Bilder

Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydal (Signes raspeballer) og Nina Sundqvist (Matmerk) foto Matmerk
Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydal (Signes raspeballer) og Nina Sundqvist (Matmerk) foto Matmerk
Last ned bilde
Glenn Nydalen Eliassen (Signes Raspeballer) Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydalen og Lillian Hellenes (Signes Raspeballer)
Glenn Nydalen Eliassen (Signes Raspeballer) Jon Georg Dale (Landbruks- og matminister), Signe Nydalen og Lillian Hellenes (Signes Raspeballer)
Last ned bilde
Signes raspeballer får Spesialitet-merket for unik smak. Foto Maren Nordtorp, Matmerk
Signes raspeballer får Spesialitet-merket for unik smak. Foto Maren Nordtorp, Matmerk
Last ned bilde

Lenker

Om Stiftelsen Norsk Mat

Stiftelsen Norsk Mat
Stiftelsen Norsk Mat
Tollbugt. 32
0157 Oslo

24 14 83 00http://www.stiftelsennorskmat.no

Matmerk er en uavhengig stiftelse som som skal bidra til økt mangfold, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon. Matmerk eier merkeordningen Spesialitet.

Følg pressemeldinger fra Stiftelsen Norsk Mat

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stiftelsen Norsk Mat på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Stiftelsen Norsk Mat

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye