Samferdselsdepartementet

Tømmertransporten skal fram på utbetra vegar

Del
PRIV TIL RED.: OPPDATERT 22.03 MED KORREKT FV-NR: Fv 17 Folda bru - Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD

PRIV TIL RED.: OPPDATERT 22.03 MED KORREKT FV-NR: Fv 17 Folda bru

Transport av tømmer utgjer ein stor del av råvarekostnadene til industrien. Reduserte transportkostnadar kan gi vinstar både for skogeigarar og industri.

- Store delar av vegnettet er no opna for tømmervogntog på 60 tonn. Ved å auke lasta på tømmerbilane kan talet på bilar minske med ein firedel. Dette vil gi reduserte klimagassutslepp og minska energibruk. Likevel fører nokre få flaskehalsar som ikkje toler 60 tonn til at tømmernæringa somme stadar må køyre med lettare last. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for å utbetre flaskehalsar på fylkesvegnettet, seier Dale.

Det er lagt opp til å finansiere forsterking av mindre bruer slik at desse toler 60 tonn totalvekt. Pengane vert fordelt etter forslag frå Statens vegvesen som har fått innspel frå skognæringa. Tre av bruene som skal bli forsterka, Steinsbrua i Østfold, Skaue bru i Vest-Agder og Resa bru i Trøndelag, er blant dei største flaskehalsane for tømmertransporten.

Noregs skogeigarforbund anslår at utbetringane vil kunne gi årlege innsparingar for tømmertransporten på om lag 4 millionar kroner. Tal frå Landbruksdirektoratet visar at det vart selt 10.95 millionar kubikkmeter tømmer til industrien i 2018. Avverkinga i 2018 er den høgaste som nokon gong er registret i Noreg.

Regjeringa si satsing på veg og kai har styrka konkurransekrafta i skog- og trenæringa. I perioden 2014 til 2018 er det løyva rundt 760 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket. Av dette er omlag 525 mill. kroner til skogsveger og 235 mill. kroner til tømmerkaier. Strategisk plasserte tømmerkaier er viktig for å få transportert tømmer frå skogen og fram til foredlingsindustrien.

Tabellen nedanfor viser fordelinga for 2019.

Brunamn

Fylke

Kostnadsoverslag (mill. kr)

Fv 21 Steinsbrua

Østfold

5,7

Fv 700 Resa bru

Trøndelag

2,5

Fv 813 Vesterli bru

Nordland

2,0

Fv 152 Sagstu bru

Aust-Agder

5,1

Fv 406 Fidje bru

Aust-Agder

4,2

Fv 455 Homme bru

Vest-Agder

1,4

Fv 455 Skaue bru

Vest-Agder

0,2

Fv 237 Løkenkvern bru

Hedmark

0,9

Fv 17 Folda bru

Trøndelag

3,0 (til delfinansiering)

Bilder

Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye