Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

To ja og eit nei til kraftverk i Bodø

11.3.2016 13:40 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev løyve til Skredelva kraftverk og tilrår løyve til Rognlia kraftverk. Øvre Mølnelv kraftverk får avslag. Alle dei planlagde kraftverka ligg i Bodø kommune i Nordland.

Skredelva og Rognlia kraftverk vil samla produsere om lag 15 GWh straum i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 750 husstandar. Øvre Mølnelv kraftverk kunne ha gjeve om lag 7,2 GWh straum.

Søknadane er behandla samtidig for at NVE skulle kunne gjere ei best mogleg heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdfullt landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne og reindrift har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE meiner at de to kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil vere i minst med allmenne interesser, samtidig som dei vil bidra med ei viss mengd ny fornybar kraftproduksjon.

For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til Skredelva kraftverk og forslag til vilkår til Rognlia kraftverk. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå Øvre Mølnelv kraftverk. Søknaden om å bygge dette kraftverket får derfor avslag.

Olje- og energidirektoratet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Rognlia kraftverk.

Les meir om søknad og grunngjeving avgjerslene:

Rognlia kraftverk

Skredelva kraftverk

Øvre Mølnelv kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt   tlf 22 95 93 89

Seniorrådgjevar Dag Kjellevold     tlf 22 95 94 56

Seniorrådgjevar Frank Jørgensen tlf 22 95 94 31

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom