Vegtilsynet

Tilsyn med skredsikrings- og skredvernstiltak i fire driftskontraktar i Region vest

Del
Manglande etterleving av krav til inspeksjon og oppfølging av skredsikrings- og skredvernstiltak var gjennomgåande då Vegtilsynet førte tilsyn med fire driftskontraktar i Region vest.
Stein i skrenett, Indre Ryfylke
Stein i skrenett, Indre Ryfylke

Vegtilsynet undersøkte om tre vegkontor og fire driftskontraktar i Region vest etterlever krav til oppfølging av skredsikrings- og skredvernstiltak på riksvegane. Saka er ein av fleire som tek føre seg skredsikring og skredvern rundt om i landet.

Dei undersøkte vegkontora og driftskontraktane var:

Vegseksjon Voss og Hardanger, driftskontrakt 1206 Voss (2014–2019)

Vegseksjon Fjordane, driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord (2013–2018) og

    1405 Indre Sunnfjord (2015–2020)

Vegseksjon Haugesund, driftskontrakt 1105 Indre Ryfylke (2015–2020)

Tilsynssaka viste at ingen av driftskontraktane kan dokumentere at dei inspiserer og driftar skredsikrings- og skredvernstiltaka i tråd med krav. Dette kan medføre at funksjonen ikkje vert oppretthalde over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett. Dette kan medføre fare for trafikantane.

Vegtilsynet fann at Vegseksjon Voss og Hardanger:

  • manglar inspeksjonsplanar for 43 av 81 (53 prosent) av skredsikringsobjekta i driftkontrakt Voss;
  • ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planen sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
  • ikkje har gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for skredsikrings- og skredverntiltak i 2015;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for 20 av 38 (52 prosent) av skredsikringsobjekta i 2016 og 2017;  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Voss har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Vegtilsynet fann at Vegseksjon Fjordane:

  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 4 av 30 (13 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 14 av 51 (27 prosent) av skredsikringsobjekta i Indre Sunnfjord;  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord og Indre Sunnfjord har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Vegtilsynet fann at Vegseksjon Haugesund:

  • manglar inspeksjonsplanar for 70 av 111 (63 prosent) av skredsikringsobjekta i driftkontrakt Indre Ryfylke;
  • ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for skredsikrings- og skredverntiltak i 2016 og 2017;
  • ikkje har utført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for 40 av 41 skredsikringsobjekt i 2018.  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord og Indre Sunnfjord har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Stein i skrenett, Indre Ryfylke
Stein i skrenett, Indre Ryfylke
Last ned bilde

Dokumenter

Om Vegtilsynet

Vegtilsynet
Vegtilsynet
Uttrågata 38
5700 Voss

http://www.vegtilsynet.com

Følg pressemeldinger fra Vegtilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Vegtilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Vegtilsynet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye