KS

Tilskot til klart språk

Del
Nye Voss herad får 35 000 kroner i stønad frå KS-programmet Klart språk i kommunesektoren. Hordaland fylkeskommune får også tilskot saman med Sogn og Fjordane.

No skal det bli enklare å forstå kva kommunen meiner. KS har delt ut totalt 1,1 millionar kroner til språkarbeid i 34 kommunar og fylkeskommunar.

-KS vil motivere til å komme i gang med klarspråksarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesarens stad og skrive så folk forstår, seier områdedirektør i KS, Inger Østensjø.

Støtta skal mellom anna gå til skrivekurs og til å forbetre brev, skjema og nettekstar.

-Kommunar og fylkeskommunar har dei same oppgåvene og kommuniserer med like målgrupper. Derfor er potensialet for deling stort, seier Østensjø.

Stor interesse

-Vi er glade for at interessa har vore så stor. Det viser at mange kommunar og fylkeskommunar ønskjer å ta tak i språket sitt. Dei kommuniserer med innbyggarar i alle livets fasar, og av og til i sårbare situasjonar. Da er språket ekstra viktig, seier Østensjø. 

I juryen sit representantar frå kommunesektoren, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet.

Dokumenter

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg pressemeldinger fra KS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye