KS

Tilskot til klart språk Sogn og Fjordane

Del

Kommunar i Sogn og Fjordane får til saman 165 000 kroner til språkarbeid. Kommunane som får stønad, er Gloppen, Stryn, Stad 2020 (Eid og Selje) og Sunnfjord (Naustdal, Gaular, Jølster og Førde). Sogn og Fjordane fylkeskommune får tilskot saman med Hordaland.

KS har delt ut totalt 1,1 millionar kroner til språkarbeid i 34 kommunar og fylkeskommunar.

- KS vil motivere til å komme i gang med klarspråksarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesarens stad og skrive så folk forstår, seier områdedirektør i KS, Inger Østensjø.

Støtta skal mellom anna gå til skrivekurs og til å forbetre brev, skjema og nettekstar.

- Kommunar og fylkeskommunar har dei same oppgåvene og kommuniserer med like målgrupper. Derfor er potensialet for deling stort, seier Østensjø.

Stor interesse
- Vi er glade for at interessa har vore så stor. Det viser at mange kommunar og fylkeskommunar ønskjer å ta tak i språket sitt. Dei kommuniserer med innbyggarar i alle livets fasar, og av og til i sårbare situasjonar. Da er språket ekstra viktig, seier Østensjø.

I juryen sit representantar frå kommunesektoren, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet.

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg saker fra KS

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom