Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår nye moderne konsesjonsvilkår for Aurareguleringane.

Del

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS nye konsesjonsvilkår for Aurareguleringane. Reguleringane påverkar Eira/Aura vassdraget, Litledalsvassdraget og Bøvra i fylka Møre og Romsdal og Oppland.

På bakgrunn av felles krav frå kommunane Nesset, Sunndal og Lesja har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Aurareguleringane. Sentrale krav er å redusere skadeverknadene av reguleringane på fiskebestandar og villrein. Det er også fremja ei rekkje andre krav.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår med vilkår om naturforvaltning som vil kunne innfri fleire av krava og bidra til noko miljøforbetring.

NVE går ikkje inn for slepp av minstevassføring i Aura med føremål å få laksestammen tilbake i vassdraget, då vi meiner fordelane ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane for gjennomføring av naudsynte tiltak. Vi ser likevel eit potensial for å betre tilhøva for laks og sjøaure ved fysisk tilrettelegging på deler av elvestrekninga i Aura, og vi tilrår at det blir utarbeida ein heilskapleg plan som grunnlag for pålegg om konkrete tiltak.

NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i Aursjømagasinet og Osbumagasinet for å sikre tidlegare oppfylling og høgare vasstand av omsyn til fisk, landskap og friluftsliv. Restriksjonar på manøvreringa vil gje mindre fleksibilitet i kraftproduksjonen, redusere mulegheita til å utnytte heile reguleringshøgda og auke flaumfaren, samstundes som den økologiske effekten må forventast å vere avgrensa. Vi meiner likevel at gjennomføring av biotopforbetrande tiltak i gytebekkar omkring Aursjømagasinet vil kunne bidra til å auke fiskeproduksjonen og den naturlege rekrutteringa i dette magasinet. Slike tiltak kan påleggast i medhald av nye konsesjonsvilkår.   

NVE meiner det ikkje finst tilstrekkelig fagleg grunnlag for å tilrå bygging av ein en villreinpassasje over Aursjømagasinet for å reetablere ei tidlegare trekkrute. Nyare kunnskap syner at ein passasje i form av ein terskel vil ha stor risiko for å mislykkast.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Aurareguleringane.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03

Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom