Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til overføring av Vetle Vendevatn

Del

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft løyve til å overføre Vetle Vendevatn frå Vendovassdraget til Mågelivassdraget i Ullensvang herad og Odda kommune i Hordaland. Prosjektet vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag.

Vassvolumet som skal overførast er lite, men kan nyttast i tre eksisterande kraftverk og vil gje 10,4 GWh ny, fornybar energi. Dette svarar til straumforbruket til noko over 500 norske husstandar. Krafta vil vere 100 prosent regulerbar.

Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til redusert opplevingsverdi for folk som nytter området til fotturar, jakt og fiske. Samanlikna med andre prosjekt av same storleik, meiner NVE likevel at dei landskapsmessige endringane vil bli relativt avgrensa etter at anleggsperioden er over og området er sett i stand.

NVE vurderer at fordelane av overføringa i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga

Les meir om saka

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonsleiar Carsten Stig Jensen, tlf. 22 95 92 90 / 908 50 206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom