Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår løyve til Åseralprosjekta

Del

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Agder Energi Vannkraft AS løyve til å auke reguleringa av Langevatn med 10 meter, overføre meir vatn frå Langevatn til Nåvatn, bygge Øygard og Kvernevatn kraftverk og installere eit aggregat II i Skjerka kraftverk, alt i Åseral kommune i Vest-Agder.

Prosjekta vil gje ei betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag, og dei vil gje ein ikkje ubetydeleg mengde ny fornybar energi.


NVE legg vekt på at Åseralprosjekta i snitt vil gje om lag143 GWh regulerbar kraft, noko som svarar til straumforbruket til omtrent 7150 norske husstandar. Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av økt regulering av Langevatn.

Revisjon av konsesjonsvilkåra for Langevatn, Kvernevatn og Storevatn inngår i NVE si handsaming. Det er lagt vekt på dette ved vurdering av avbøtande tiltak.


NVE finn at minstevassføring, magasinrestriksjonar og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.


Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.


Les meir om prosjekta.


Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom