Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår ikkje løyve til Breim kraftverk

9.9.2016 12:39 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje Breim Kraft AS løyve til å til å bygge Breim kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. NVE legg særlig vekt på moglege konsekvensar for storaurebestanden.

Breim Kraft AS har søkt om løyve til å bygge kraftverk i Breimselva, som renn ut i Breimsvatnet i Gloppen kommune. Breim kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk med inntak ved Høylo, og utløp i Breimsvatnet eller ovenfor Seime bru. Det planlagde kraftverket ville årleg kunne ha gitt i om lag 90 GWh ikkje-regulerbar kraft.

NVE meiner at dei samla, negative verknadene for storaure, landskap, friluftsliv, turisme og vannkvalitet er store, vurdert opp mot krafta som ville ha vorte produsert. Breimsvatnet innehar ein av Noregs få kjende storaurestammar, og Breimselva er ein del av aurens økologiske funksjonsområde. NVE legg særlig vekt på dei moglege konsekvensane for storaurebestanden.

Samla sett meiner NVE at fordelane ved bygging av kraftverket i høve til dei ålmenne og private interesser, ikkje er større enn skadane og ulempene.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om Breim kraftverk.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom