Visit Hardangerfjord

Telenor aukar tryggleiken på Folgefonna

Del
Telenor har fått på plass 4G dekning på Fonna. Aktørar på og rundt breen er svært nøgde med etableringa.
Fotograf Jan Ove S Johansen
Fotograf Jan Ove S Johansen

– Stadig fleire vitjar breen, og ikkje alle skjønar kva som er farleg og ikkje. Difor er det kjempebra for tryggleiken at me no får 4G så folk kan be om hjelp dersom dei ikkje er med guide og treng hjelp, seier Åsmund Bakke, dagleg leiar hjå Folgefonni Breførarlag.

Har vore eit sakn 

Bakke og kollegaene har dei siste 25 åra lagt fleire tusen timar bak seg på isbreen Folgefonna. Fram til no har dei nytta seg av alternative kommunikasjonsformer som blant anna satellitt-telefonar og sikringsradio. No ser han fram til også å kunna bruka mobiltelefonen dersom det trengs når han losar turistar i eit brelandskap som stadig er i endring. 

– Dette gjer det langt lettare for oss. Me har sakna god telefondekning, så ingenting er betre enn at me no får 4G, seier breføraren i ei pressemelding.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, er glad for å kunna hjelpa Folgefonni Breførarlag og Fonna Glacier Ski Resort med betre dekning på breen.

– Telenor har dei siste åra gjort ei betydeleg modernisering av basestasjonane i mobilnettet og syrgja for 4G-dekniing til dei aller fleste der dei bur. Heile dette oppgraderingsprosjektet viser kor viktig dette er for folk flest. Å ha mobildekning der ein ferdast, er svært viktig for våre kundar, seier Amundsen. 

Stor trafikk 

Ifylgje dekningsdirektøren ser Telenor ei auking i datatrafikken rundt ferieområder og attraksjonar i ferieperiodar, og det er ikkje mange dagar til det nettopp er ein ferieperiode. Påsken er rett rundt hjørnet, og der andre skisenter fortviler over mangelen på snø, er ikkje dette tilfelle på Folgefonna.
Michael Iversen, dagleg leiar på Fonna Glacier Ski Resort, har dei siste vekene jobba på spreng med å brøyta vegen og startar heisen på breen allereie i morgon. Det er han som har stått på for å ha 4G-dekninga på plass til påskeopninga.

–  Me har om lag åtte meter snø og svært gode skiforhold. Når me no får 4G-dekning i tillegg, ligg alt til rette for ein kanonpåske på Fonna, seier Iversen og legg til: 

– Me ventar svært mange vitjande, så i høve opninga og betre mobilnett, har me fått på plass vårt eige Snapchat-filter, fortel ein nøgd Iversen. 

Viktig marknadsføring

Andreas Skogseth har sjølv vore dagleg leiar for Fonna Glacier Ski Resort, men no er han reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord. Også han føyer seg inn i rekka over personar som er glade for betre dekning på Folgefonna. Ifylgje direktøren er dette gull verdt i marknadsføringa av Hardanger.

– Noko av den viktigaste marknadsføringa reiselivet får, er via turistane sjølve i form av deling på sosiale medier. Dette, kombinert med at det no er billigare for utanlandske turistar å bruka mobildata i Noreg, gjer at me vert mykje meir tilgjengelege. Bilete og videoar er ferskvarer som både me og brukarane ynskjer å få ut så fort som mogeleg.

Nøkkelord

Kontakter

Michael Iversen - Fonna Glacier Ski Resort - 976 78 489
Åsmund Bakke - Folgefonni Breførarlag - 472 92 594

Bilder

Fotograf Jan Ove S Johansen
Fotograf Jan Ove S Johansen
Last ned bilde
Foto: Desire W
Foto: Desire W
Last ned bilde
Foto: Fonna Glacier Ski Resort
Foto: Fonna Glacier Ski Resort
Last ned bilde
Foto: Andreas Skogseth
Foto: Andreas Skogseth
Last ned bilde
Foto: Daniel Tengs
Foto: Daniel Tengs
Last ned bilde

Om Visit Hardangerfjord

Visit Hardangerfjord
Sandvenvegen 40
5600 Norheimsund

56 55 38 70http://www.hardangerfjord.com

Visit Hardangerfjord is the official tourist board of the Hardangerfjord region.
Fonna Glacier Ski Resort is a summer ski resort located in Jondal, Hardanger. 

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye