Nærings- og fiskeridepartementet

Ta sommarjobb som fiskar

Del

Er du mellom 12 og 25 år kan du nå søke sommarjobb som fiskar.

- Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg, og regjeringa vil styrke rekrutteringa til fiskaryrket. Derfor oppfordrar eg alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Alle som fiskar etter sommarjobb kan nå registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Berre 20 prosent av dei som har fiske som hovudyrke er under 30 år. Dei siste åra har vi fått fleire eldre fiskarar, medan trenden er motsett for dei yngre.

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.

Stortinget har bede regjeringa om å greie ut ordninga med tanke på å utvide den. Dette arbeidet er ikkje heilt ferdigstilt enno. Departementet har valt å vidareføre forskrifta, då fisket etter rognkjeks kan starte allereie 12. mai. Dersom konklusjonen av dette arbeidet blir at ungdomsfiskeordninga skal endrast, vil forskrifta bli retta opp etter behov.

Meir om ordninga

  • Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien.
  • Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 18. juni og til og med 10. august 2018, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
  • Ungdom under 12 år kan av sikkerheitsgrunnar ikkje delta i ordninga.

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom