Nærings- og fiskeridepartementet

Styrker nytt såkornfond

Del

Regjeringa foreslår å gi meir pengar til eit nytt såkornfond. Fondet blir no på minst 300 millionar kroner.

 statsbudsjettet for 2018 blei det løyvd pengar til eit nytt landsdekkjande såkornfond for IKT-næringar på 250 millionar kroner. Men innretninga på fondet gjer det vanskeleg å få det godkjent av kontrollorganet ESA.

-Regjeringa er opptatt av at fleire unge innovative bedrifter skal bli til vekstselskaper i Noreg. Vi ynskjer å få fondet etablert så raskt som mogleg, slik at det kan bidra med pengar og kompetanse til desse bedriftene, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

No foreslår regjeringa å auke størrelsen på fondet og fjerne bransjeavgrensinga slik at eksisterande godkjenning kan brukast for å oppretta fondet raskt og effektivt.

Staten vil bidra med 150 millionar kroner i investeringskapital, og private investorar må bidra med minst tilsvarande beløp. Fondet blir dermed på minst 300 millionar kroner.

Dei som forvaltar fondet kan framleis peike på kva område fondet skal investere i, som til dømes IKT-næringa.

Fakta om såkornfond:

* Såkornfond skal investere i unge, innovative bedrifter med internasjonalt vekstpotensial.

* Innovasjon Noreg forvaltar staten sine interesser i fonda, og veljer forvaltar for fondet.

* Gjennom såkornfonda avlastar staten private investorar for risiko. Målet er at investorane kan bruke meir tid og kompetanse på å utvikle nye bedriftar.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom