Fiskebåt

Strandryddinga er i gang

Del
Denne veka skal det ryddast langs heile kysten. Fleire organisasjonar får 5000 kroner i støtte frå Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon, for å vere med på ryddedugnaden.

Administrasjonen i Fiskebåt starta sjølv strandryddeveka med å rydde Røssviksanden, som er ei strand på Vigra utafor Ålesund. Men enno er det mange stader som ventar på å bli rydda.

- Det er difor svært gledeleg at fleire lag og organisasjonar langs heile kysten har lyst til å vere med å hjelpe oss i dette viktige arbeidet. Men vi oppmodar også bedrifter til å gjere ein innsats. Set ein av ein liten ettermiddag, er det utruleg kor mykje søppel som kan samlast inn, seier  informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.

Det har vore stor interesse for å støtte opp om aksjonen. I utgangspunktet var planen å støtte 10 lag og organisasjonar langs kysten.

- Vi måtte auke både deltakartalet og pengesummen, for det var så mange gode prosjekt som vi ikkje kan la vere å gi støtte til. Dette er eit samarbeid mellom oss i Fiskebåt og Norges Råfisklag. Begge organisasjonane ser på dette som ei svært viktig sak å støtte opp om, seier Dahle.

Skal leve av havet
Fiskebåt er en interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten, og omfattar rundt 200 fiskefartøy. Fiskebåt er opptatt av å drive ei bærekraftig hausting av fiskeressursane. Det er livet i havet vi skal leve av framover. Difor er det viktig å støtte tiltak som kan redusere søppelet i havet.

- Vi er opptatt av å drive ei berekraftig hausting av fiskeressursane. Det er livet i havet vi skal leve av framover. Derfor er det viktig å støtte opp om tiltak som kan redusere søppelet i havet, seier Dahle.

Marin forsøpling truar dyrelivet i havet. Plast og anna syntetisk materiale tar svært lang tid å bryte ned, og kan difor vere til stor skade for både fisk, fuglar og andre dyr som lever ved og i havet.

Bildetekst: Her er noko av det søppelet som administrasjonen i Fiskebåt samla i løpet av ei ettermiddagsøkt. Frå venstre; Monica Nelvik, Ragnhild Røssevold, Beate Nørvåg, Jan Ivar Maråk, Paul Gustav Remøy og Odd Kristian Dahle.

 

 

Desse er med på støtteordninga, og får kr. 5000,- for å vere med å rydde;

 

Namn på organisasjon

 

Kommune

Valder fotball G13

Giske

DNT Nordhordaland

Lindås

Aksla fotball J05

Ålesund

Salvøy velforening

Karmøy

Brensholmen/Sommarøy utviklingslag

Tromsø

Vadsø atletklubb

Vadsø

Larsgården speidargruppe

Ålesund

Vidar Ungdomslag

Askvoll

Emblem fotball

Ålesund

Lepsøy fjelltrimgruppe

Haram

Kalvåg bydelag

Bremanger

Bodø speidargruppe

Bodø

Plastfritt Giske

Giske

Lunheim skole

Tromsø

Herøy vidaregåande skule

Herøy

Fjørtoft Turn og Idrettslag

Haram

Stordammen skole

Asker

Ta kontakt med oss, eller direkte til organisasjonen for å høyre når dei har planar om å rydde.

Nøkkelord

Kontakter

Odd Kristian Dahle, informasjonsleder i Fiskebåt.
Tlf. +47 906 15 658
e-post: odd-kristian@fiskebat.no

Bilder

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye