Innovasjon Norge

Støtta næringslivet i Sogn og Fjordane med 323 millioner kr i 2015

Del

Innovasjon Noreg støtta i fjor næringslivet i Sogn og Fjordane med 323 millionar kroner i form av tilskot og lån. I fylgje ei undersøkjing seier ni av ti bedrifter at støtta frå Innovasjon Noreg har vore utslagsgjevande for realiseringa av prosjekta deira.

Av den samla Innovasjon Noreg-innsatsen i Sogn og Fjordane i fjor gjekk nær 15 millionar kroner til etablerartilskot fordelt på 51 gründerar og nystarta bedrifter i fylket. Målt i kroner er det ein auke på 133 prosent.
Årsrapporten for 2015 frå Innovasjon Noreg viser også at næringslivet i Sogn og Fjordane etterlyser meir risikokapital til satsingane sine. I fylgje rapporten vart det gitt 72 millionar kroner i form av risikolån til bedrifter i fylket, ein auke på heile 142 prosent frå året før. Interessen for utvikling av ny miljøteknologi er også stigande.   

Framoverlente
Avdelingsleiar Hjørdis Vik ved Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane er godt nøgd med innsatsen i fjor:

- Lokalt har vi ei dobling av løyvingane når det gjeld etablerartilskot. Det tyder på god mobilisering og stor aktivitet blant gründerspirar i fylket. Auken i andelen risikolån og stønad til miljøteknologi viser også at det etablerte næringslivet i Sogn og Fjordane er framoverlente og jobbar med nyskapande og krevjande utviklingsprosjekt, seier Vik.

Den samla støtta til næringslivet i Sogn og Fjordane var i fjor på 323 millioner kroner, ein nedgang på 15 prosent får året før. I fylgje Hjørdis Vik er forklaringa dels reduserte rammer øyremerka distriktssatsinga og dels at store finansieringssaker på lånesida i statistikken frå år til anna verkar inn på sluttsummen.

Fleire oppgåver
Gründersentret i Førde fekk også i løpet av fjoråret fleire oppgåver, mellom anna meir ansvar for sakshandsaminga for etablerarstønad i tidleg fase.
- Via Gründertelefonen i Førde var vi i fjor i kontakt med fleire enn 8000 gründerar frå heile landet. Ved utgangen av 2015 hadde vi åtte stillingar knytt til desse landsdekkjande tenestene, seier Hjørdis Vik i Innovasjon Noreg.

Skapar effektar
I fylgje kundeeffektundersøkjingane som Oxford Research utfører for Innovasjon Noreg, svarer fleire enn ni av ti bedrifter at Innovasjon Noreg sitt bidrag var utslagsgjevande for realiseringa av prosjekta til bedriftene. Samtidig indikerer ei ny analyse frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) at effekten av stønaden frå Innovasjon Noreg er betydeleg. I fylgje SSB har gründarar og bedrifter som har fått stønad frå Innovasjon Noreg i snitt heile 12,6 prosentpoeng høgare årleg vekst i omsetjing, og 5,4 prosentpoeng høgare årlig vekst i talet på tilsette, samanlikna med tilsvarande bedrifter som ikkje har fått slik stønad.

Utløyste over 16 milliarder kroner 
I 2015 fekk Innovasjon Noreg bevilga totalt 3,4 milliardar kroner frå Stortinget og fylka til næringsutvikling over heile landet. Løyvingane ga saman med låneordningane ein samla næringsretta innsats på 6,1 milliardar kroner for landet sett under eitt. Denne stønaden medverka til å utløyse nær to gongar så mykje innsats frå andre finansieringskjelder. Medrekna pengane frå Innovasjon Noreg vart det i alt investert 16,3 milliardar kroner i innovasjonsaktivitetar i 2015 mot 15,7 milliardar kroner året før.

-------------------------------

Vedlegg:

  • Tabell med oversikt over tilskot og lån frå Innovasjon Norge i 2015 fordelt på ordningar og fylke samt totalt
  • Tabell med oversikt over etablerartilskot for åra 2013, 2014 og 2015 per fylke og totalt

Kontaktpersonar: 

  • Hjørdis Vik, avdelingsleiar, Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane, mob.  938 90 188.
  • Kristin Welle-Strand, kommunikasjonsdirektør Innovasjon Noreg, mob. 93 45 83 30, krwel@innovasjonnorge.no


Faktaboks: Skaper meirvekst – effektar og resultat

  • Ni av ti bedrifter seier stønad fra Innovasjon Noreg har vore utslagsgjevande for realiseringa av prosjekta deira.
  • Bedrifter som har fått stønad frå Innovasjon Noreg har i snitt 12,6 prosentpoeng høgare årleg vekst i omsetjing, samanlikna med tilsvarande bedrifter som ikkje har fått slik stønad.
  • Bedrifter som har fått stønad frå Innovasjon Noreg har 5,4 prosentpoeng høgare årleg vekst i talet på tilsette, samanlikna med tilsvarande bedrifter som ikkje har fått slik stønad.
  • Gründerbedrifter som fekk stønad frå Innovasjon Noreg, hadde i snitt 14 prosentpoeng høgare vekst i årleg omsetjing samanlikna med ei kontrollgruppe med samanliknbare oppstartsbedrifter utan stønad fra Innovasjon Noreg.
  • Talet på tilsagn (tilskot og lån) til gründerar 2014: 1 800 vs 2015: 2 480, ein auke på +38%,  på totalt 1,6 milliardar kroner.
  • I 2015 blei talet på etablerartilskot aleine til gründerar auka med 73 prosent samanlikna med talet for 2014 som gav totalt 1498 tildelte etablerartilskot. I alt vart det tildelt 399 millioner kroner, ei auking på 49 prosent fra året før.
  • Vekstbedrifter med stønad frå Innovasjon Noreg, hadde i snitt 6,1 prosentpoeng høgare årleg vekst i omsetjing samanlikna med ei kontrollgruppe med bedrifter uten slik stønad.
  • Bedrifter som deltek i et klyngeprosjekt har i løpet av dei fyrste tre åra i snitt 6,6 prosentpoeng høgare vekst i årleg omsetjing, og 4,9 prosentpoeng høgare vekst i talet på ansatte,  samanlikna med bedrifter som ikkje er med i klynger.

    Kjelder: Statistisk Sentralbyrå, Oxford Research og Innovasjon Noreg

Nøkkelord

Bilder

Dokumenter

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0158 OSLO

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, utvikling i distriktene og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Norge profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.

Følg saker fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom