Nærings- og fiskeridepartementet

Stor oppslutning om laksevekst

Del

Etter fleire år med liten vekst har regjeringa opna for meir produksjon i laksenæringa. 47 selskap har søkt om vekst, noko som vil gi oppdrettskommunane og fylkeskommunane over 750 millionar kroner.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: NFD.
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: NFD.

- Lakseoppdrett er ei viktig næring for Noreg. Dette er det første store løftet på fleire år. Veksten kan gi grunnlag for fleire arbeidsplassar langs heile kysten, seier ein nøgd fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Regjeringa har opna for at næringa kan vokse til saman seks prosent. Veksten blir tildelt i to omgangar, først ein del til fastpris, og deretter resten gjennom auksjon.

Fristen for å søkje om vekst til fastpris gjekk nettopp ut. Tal frå Fiskeridirektoratet viser at det var god oppslutning blant oppdrettsselskapa.

Fiskeridirektoratet har fått inn søknadar frå 47 ulike selskap. Søkarane har til saman betalt inn om lag 947 millionar kroner. 80 prosent av dette går til Havbruksfondet, som igjen gir 70 prosent til laksekommunane og 10 prosent til fylkeskommunane.

- Oppslutninga om tilbodet vårt viser ei næring med stor tru på seg sjølv og store ambisjonar. Dette vil også gi gode inntektar til lokalsamfunna. Kommunane og fylkeskommunane vil få utbetalt over 750 millionar kroner for å vere vertsskap for oppdrettsnæringa. I tillegg kjem pengar frå auksjonen, seier fiskeriministeren.

Auksjonen vil etter planen bli gjennomført i løpet av våren. Målet er at heile veksten er tildelt før sommaren 2018.

Utbetalingar frå havbruksfondet skjer årleg, i oktober.

Oversikt over søknadane vil bli lagt ut på Fiskeridirektoratet sine nettsider.

Fakta

  • Førebelse tal frå Fiskeridirektoratet viser at det har komme inn søknader knytt til 47 ulike selskap om 2 prosent vekst. Veksten er på løyve oppdrettsselskapa allereie har.
  • Det er betalt inn vederlag for til saman 7897 tonn kapasitetsauke, eller over 95 prosent av den tilbodne veksten.
  • Det er betalt inn 947 640 000 kroner i vederlag.
  • 80 prosent av vederlaget går til havbruksfondet. Av det totale vederlaget går 70 prosent til kommunane og 10 prosent til fylkeskommunane. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: NFD.
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: NFD.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal i offentlig elektronisk postjournal (OEP)

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom