Stor auke i fiberutbygginga
- Eg er godt nøgd med den gode utviklinga i tilbodet om breiband. Stadig fleire får moglegheit til å kople seg til fiberbreiband og det er no nesten ingen husstandar som ikkje har tilbod om ei eller anna form for breibandstilgang, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) la i dag fram rapporten "Bredbåndsdekning 2018", utarbeidd av konsulentselskapet Analysys Mason. Rapporten viser ein god auke i tilbod om breiband med høge hastigheiter. Auken er særs god når det gjeld tilbod om fiberbreiband som kan gi dei høgaste hastigheitene.
Kraftig auke i fiberbreiband – stor betring i distrikta
Rapporten viser at dei aller fleste husstandane i Norge har eit grunnleggande tilbod om breiband. Mindre enn 100 husstandar manglar tilbod om breiband med 4 Mbit/s, medan 82 prosent av husstandane har tilbod om 100 Mbit/s. Auken i tilbod om breiband med fiberkablar har truleg aldri vore kraftigare.
Samtidig viser rapporten at det framleis er stor skilnad i tilbodet mellom dei sentrale stadane og distrikta. Medan om lag 98 prosent av husstandane i sentrale område har tilbod om breiband med teknologiar som kan gje dei høgaste hastigheitene (fiber, kabel-TV, VDSL), har 49 prosent av husstandane i distrikta tilbod om breiband med desse teknologiane. Men det har samtidig vore ei kraftig betring i distrikta, til dømes var tilsvarande tal 40 prosent i 2017.
Regjeringa legg til rette for meir utbygging av breiband i heile landet
Regjeringa arbeider for at alle skal få tilgang til breiband med høg hastigheit. På vegen dit er det sett som mål at 90 prosent av husstandane skal ha tilbod om breiband med 100 Mbit/s innan 2020. I dag har 82 prosent av husstandane dette tilbodet.
- Regjeringa har lagd til rette for denne utviklinga, gjennom å fastsette den såkalla leidningsforskrifta, som gjer at kommunane ikkje kan stille strengare krav enn nødvendig ved legging av fiber i vegen. Vi må halde fram arbeidet med å legge til rette for eit godt og framtidsretta tilbod om breiband i heile landet, seier samferdselsministeren.
Ein stor del av kostnaden for utbygging av breiband er knytt til graving og legging av kabel i offentleg veg. Regjeringa har fastsett eit nytt statleg regelverk som skal bidra til å redusere denne kostnaden. I tillegg bidrar staten med økonomisk støtte til breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investering og til auka sikkerheit og beredskap i netta. I 2018 er støtta til breiband på 149,7 millionar kroner og tilskotet til telesikkerheit og beredskap er på 183 millionar kroner.
Store investeringar av marknadsaktørane
Breibandpolitikken er marknadsbasert. Investeringane til marknadsaktørane i ekomnett og -tenester har auka med om lag 2 milliardar kroner frå 2014 til 2017. I 2017 blei det investert for om lag 10 milliardar kroner i dei norske ekomnetta. Investeringane utgjer om lag 30 prosent av den samla inntekta.
- Disse tala viser at det viktigaste vi kan gjere for å få breiband raskt ut til dei områda som manglar er å legge til rette for fortsatt kommersiell utbygging til lågare kostnad, seier Dale.
For fleire opplysningar – sjå:
- Nyheitsak frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit av 25 september om rapporten "Bredbåndsekning 2018"
- Pressemelding frå Samferdselsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Olje- og energidepartementet av 29. november 2017 om fastsetting av ny leidningsforskrift
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.
Følg saker fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Samferdselsdepartementet
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Sogndal og Jølster måndag 25. februar21.2.2019 13:56:12 | Pressemelding
Priv. til red.: Samferdselsminister Jon Georg Dale besøker Sogn og Fjordane måndag 25. februar. Statsråden skal på synfaring og får orientering om vegprosjekt i Sogndal og Jølster. Han skal også møte næringsliv og andre aktørar.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Telemark tirsdag 26. februar21.2.2019 12:00:00 | Pressemelding
Samferdselsminister Jon Georg Dale besøker Telemark tirsdag 26. februar. Dagen starter i Porsgrunn og avsluttes i Kragerø. Statsråden skal innom Stena Recycling, på befaring på veiprosjektet E18 Rugtvedt-Dørdal og ut med båt i Kragerø havn. Pressen er invitert til å delta på alle deler av programmet.
Hever aldersgrensen for helseattest for eldre bilførere21.2.2019 10:30:00 | Pressemelding
Regjeringen vil forenkle dagens regler ved å heve aldersgrensen for helseattest fra 75 til 80 år.
Priv. til red.: Presseinvitasjon: Samferdselsministeren i møte med transportkjøpere21.2.2019 10:05:41 | Pressemelding
Samferdselsminister Jon Georg Dale møter fredag 22. februar flere bedrifter som kjøper godstransporttjenester på vei. Hensikten med møtet er å lytte til og få innspill fra bedrifter som har praktisk erfaring med kjøp av transport, og høre om deres erfaringer med dårlig skodde vogntog på norske vinterveier.
Samferdselsministeren til Ålesund og Sunndal 21. februar18.2.2019 15:13:29 | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Jon Georg Dale reiser til Ålesund torsdag 19. februar der han vil delta på arrangementet LilleStortinget 2019 på Fagerlia skole. Han vil også få en orientering fra Statens vegvesen ved Kverve og Ørskogfjellet før turen går videre til et møte i Sunndal rådhus. Statsråden avslutter turen med å kjøre rv 70 til Kristiansund.
Transport21: Korleis skal vi løyse framtidas transportutfordringar18.2.2019 14:55:23 | Pressemelding
- Digitalisering og autonomi brukt på rett måte kan skape ein betre reisekvardag, effektivisere næringstransporten og hjelpe oss å nå andre viktige mål i transportpolitikken. Teknologi vil også vere avgjerande for å oppnå utslippskutt. Eg er difor glad for at vi gjennom Transport21 no samlar flinke og engasjerte folk som kan gje oss råd om korleis vi best kan innrette innsatsen for forsking og innovasjon i samferdselssektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom