Justervesenet

Sommaren eitt sekund lengre

Del
Mange meiner at sommaren er for kort. Men i år blir han eit heilt sekund lengre.

Ikkje all verdens tid, men kanskje akkurat nok til at nokon vil rekkje bussen sin?

Skotsekund
Natt til 1. juli gir IERS (det internasjonale byrået som overvakar jordrotasjonen) oss alle eit ekstra sekund. Ikkje for at vi skal rekkje natt-bussen, men for å kompensere for endringar i jorda sin rotasjonsfart. Jorda roterer nemleg ujamt og gradvis saktare. Men det gjer ikkje dei rundt 400 atomura som fastset UTC (Universal Time Coordinated - verda si offisielle tid). Og det er her skotsekundet kjem inn.

Sidan det er sommartid ligg norsk tid to timar før UTC, så her blir sekundet lagt til før klokka 02.00.00. På nokre avanserte klokker vil skotsekundet visast som 01:59:60 før klokka blir 02:00:00.

Mellom anna på Justervesenet sine atomklokker ved tidslaboratoriet på Kjeller. Justervesenet har ansvaret for tida til Noreg, og Justervesenet sine atomklokker sender jamleg tidsrapportar til det internasjonale byrået for mål og vekt (BIPM) i Paris.

Ordninga  med skotsekund sørgjer for å halde klokketida UTC i takt med jordrotasjonen slik at sola fortset å stå i sør ved nullmeridianen i Greenwich kl. 12:00:00 UTC. Dette er i gjennomsnitt i løpet av eit år (difor den gamle nemninga Greenwich Mean Time), sidan lokal soltid varierer med omlag pluss/minus eitt kvarter i løpet av året. Denne variasjonen skuldast jorda sin avlange bane rundt sola.

Ingen samanheng mellom skotår og skotsekund
Skotår har vi kvart fjerde år, då blir 29. februar lagt inn som ein ekstra 'skot-dag' for å halde kalenderen i tritt med årstidene. Det skuldast at jorda bruker litt meir enn 365 dagar på eit omløp rundt sola. Skotsekundet blir lagt til med ujamne mellomrom for å halde klokketida i takt med sola sin gong over himmelen, og kompenserer for at eit døgn basert på jorda sin rotasjon dei siste åra har vore i gjennomsnitt eitt millisekund lengre enn nøyaktig 24 timar.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Justervesenet

Justervesenet
Justervesenet
Fetveien 99
2007 KJELLER

64 84 84 84http://www.justervesenet.no
Justervesenet er et direktorat for måleteknikk, underlagt Nærings- og Fiskeridepartementet.

Følg pressemeldinger fra Justervesenet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Justervesenet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Justervesenet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye