Søk sommarjobb som fiskar
- Det er kø framfor utdanningsinstitusjonane for å få kome inn i sjømatnæringa. Vi er heilt avhengige av at dyktig ungdom også søkjer seg til fiskaryrket om Noreg skal bli den framtidsnæringa som vi ønskjer. Difor oppfordrar eg alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien.
Alle som fiskar etter sommarjobb kan nå registrere seg hos Fiskeridirektoratet.
Knapt 18 prosent av dei som har fiske som hovudyrke er under 30 år. Av totalt 11 225 registrerte fiskarar i Noreg i fjor var det 1991 fiskarar under 30 år som hadde fiske som hovudyrke eller som attåtyrke. Talet for dei over 67 år var 1827.
Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. I underkant av 200 ungdomar deltok på ungdomsfiske i fjor. Dei fiska til saman meir enn 115 tonn til ein fangstverdi på meir enn 5 millionar kroner. Finnmark og Hordaland topper statistikken for deltaking.
Meir om ordninga
- Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 17. juni og til og med 9. august 2019, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
- Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.
- Avgrensinga i bruk av reiskapar gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske i regi av ein kommune – der fleire ungdommar fiskar med same fartøy – kan Fiskeridirektoratets regionkontor gi unntak frå reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.
- For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy.
- Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga i reiskapsbruken blir følgd. Derfor kan ikkje merkeregistrerte fartøy nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg til dei nemnde avgrensingane i den perioden fartøyet blir nytta i ungdomsfisket.
- Ungdomane har høve til å ha med seg ein vaksen dersom det av tryggleiks- eller opplæringsårsaker er behov for det. Ungdom under 12 år kan av tryggleiksgrunnar ikkje delta i ordninga.
Nokre nye krav frå i år for dei som skal fiske leppefisk
- Fisket etter leppefisk i ungdomsfiskeordninga skal foregå i same periode som fisket i open gruppe i kvart enkelt geografisk område (frå og med 17. juli 2019 sør for 62°N og 31. juli 2019 nord for 62°N).
- Ungdomane skal også ha leveringsavtale med godkjent kjøpar av leppefisk, og denne skal registrerast inn hos Fiskeridirektoratet.
- Det blir ikkje lage fleire nye krav til ordninga. Den skal vere enkel og ubyråkratisk.
Kontakter
Pressevakt NFD
Tel:902 51 303 (ikkje SMS)media@nfd.dep.noBilder
Om Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Nye statsråder i Nærings- og fiskeridepartementet19.4.2024 16:26:55 CEST | Pressemelding
Cecilie Myrseth (Ap) er utnevnt til næringsminister og Marianne Sivertsen Næss (Ap) er utnevnt til fiskeri- og havminister i statsråd 19. april.
Norge og USA enige om å inngå strategisk mineralsamarbeid18.4.2024 10:39:30 CEST | Pressemelding
Norske og amerikanske myndigheter er enige om å starte formelle forhandlinger om strategisk mineralsamarbeid. Enigheten kom på plass etter næringsminister Jan Christian Vestres besøk i Det hvite hus i Washington DC onsdag.
Fiskeri- og havministeren til Bergen14.4.2024 08:05:00 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth er i Bergen mandag 15. og tirsdag 16. april.
Inviterer til innspill om handelspolitikk 2.011.4.2024 06:00:00 CEST | Pressemelding
Næringsminister Jan Christian Vestre ber om innspill til den første stortingsmeldingen om handel og grønn globalisering.
Næringsministeren opna Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg for aluminium: - Eit framifrå eksempel på det grøne skiftet10.4.2024 15:33:23 CEST | Pressemelding
Hydro har gjort betydelege investeringar i resirkuleringsteknologi som svar på den aukande etterspurnaden etter aluminium med lågt karbonfotavtrykk. Satsinga blei i dag markert av næringsminister Jan Christian Vestre med ei offisiell opning av den oppgraderte støpelinja ved Hydro si fabrikk i Årdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom