Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Smarte straummålarar i 97 prosent av norske målepunkt

Del
Då fristen for installasjon av nye smarte straummålarar (AMS) gjekk ut 1. januar 2019 hadde om lag 2,9 millionar målepunkt i straumnettet fått installert ny målar. Dette inneber at 97 prosent av målarparken no har målarar som automatisk sender data om kunden sitt forbruk til nettselskap og kraftleverandør som grunnlag for faktureringa.
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund

-          Det all grunn til å vera nøgd med ein gjennomføringsgrad på 97 prosent. Grunna innvilga dispensasjonar og fritak var det ikkje venta at absolutt alle målepunkt ville få ny målar innan fristen, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

Hovudårsaka til manglande installasjon skuldast innvilga utsetjingar og forseinkingar i nettselskap. Samla utgjer dette 2 prosent. Vidare har 0,2 prosent fått fritak med legeattest, medan 0,8 prosent skuldast kundar som har motsett seg å skifte målar utan gyldig grunn.

For at nettselskapa skal få rimeleg god tid vil NVE gje nettselskapa frist til 1. januar 2021 for installasjon av smarte målarar i dei resterande målepunkta. Dette er same fristen som vart gjeve til nettselskap som hadde installert nye målarar med tovegs kommunikasjon før forskriftsvedtaket i 2011. NVE vil i tida framover følgje opp at nettselskapa held fram med å skifte ut gamle målarar.

Dei siste oppgjevne tala viser at totalkostnaden for AMS-installasjonen vil vere i storleiksorden 9 milliardar kroner. Dette er om lag 10 %, eller 1 milliardar kroner, lågare enn nettselskapa rekna med i startfasen av installasjonen i 2016.

Les heile rapporten her http://publikasjoner.nve.no/rapport/2019/rapport2019_24.pdf

Nøkkelord

Kontakter

Seksjonssjef Guro Grøtterud, tlf. 45 63 26 77


Seniorrådgjevar Arne Venjum, tlf. 22 95 92 58

Bilder

Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye