Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Slik må Hordaland førebu seg på klimaendringane

Del

Kommunane i Hordaland vil i framtida få større utfordringar med flaum, skred, havnivåstiging og overvatn. Det syner den nye klimaprofilen for fylket som blir overlevert Hordaland i fylkesutvalet i dag.

- I Hordaland vil klimaendringane særlig føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, ekstremnedbør og auka problem med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgivar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Fortset klimagassutsleppa å auke som no, vil vi ved slutten av hundreåret få:

  • fleire og større regnflaumar. Eit klimapåslag på minst 20 % på utrekna flaumvassføringar vert tilrådd i alle vassdrag som reagerer raskt på nedbør, og i større vassdrag
  • auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred og mogeleg auka fare for kvikkleireskred, auka aktsemd er viktig
  • auka stormflonivå grunna havnivåstigning
  • kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gje større utfordringar med handtering av overvatn

Kunnskap er nøkkelen

Klimaendringane kan bidra til større øydelegging på infrastruktur og eigedom. For å redusere framtidige skader må kommunane gjennomføre klimatilpassingstiltak.

- Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunane må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemiddelet for å førebyggje skader frå flaum, stormflo og skred på ny busetnad, seier NVE sin regionsjef Brigt Samdal.

Hendingar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit. Det tyder at utfordringane med overvatn blir større enn i dag.

- I Hordaland, der store deler av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det derfor særleg viktig å planleggje godt. Bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i tilstrekkeleg avstand til flaumfarlege bekkar og elvar. Bekkar og vassvegar bør haldast opne – og ikkje leggast i røyr – både med omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø, seier Samdal.

Klimaprofil Hordaland

Klimaprofilen gjer kunnskap om klimaendringar lettare tilgjengeleg for planleggjarar på kommunalt og regionalt nivå. Klimaprofilen Hordaland

Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Uni Research og Bjerknessenteret, har gitt ut rapporten «Klima i Norge 2100». Basert på rapporten er det no laga ein Klimaprofil for Hordaland. Klimaprofilen gjev ei kortfatta samanfatning av klimaet og venta klimaendringar.

Pressekontakt

Spørsmål knytt til klimaendringane for Hordaland:
Hege Hisdal, leiar NVE sitt arbeid i Norsk Klimaservicesenter og hydrolog i NVE.
Mobil: 934 21 527

Spørsmål om konsekvensar og tiltak for dei enkelte kommunane i Hordaland:
Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest
Mobil: 907 48 238

Minner om:

konferansen 4th Nordic Conference on Climate Change Adaptation

Neste veke er Inger Hanssen-Bauer, leder for Norsk Klimaservicesenter, invitert foredragsholder på den nordiske klimatilpassingskonferansen i Bergen 29.-31. august. Konferansen samlar både forskarar og aktørar innan klimatilpassing, med døme frå ambisiøse nordiske byar.

Etter årets våte sommar er klimatilpassingskonferansen særleg aktuell. Forsikringsbransjen er ein viktig aktør innan klimatilpassing. Rundebordssamtalen opningsdagen med Klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen, og aktørar blant anna innan forsikringbransjen, vil ta fatt i spørsmål og utfordringar kring politisk styring av klimatilpassingsfeltet.

Meir info om konferansen 4th Nordic Conference on Climate Change Adaptation – "From Research to Action and Transformation», nordicadaptation2016.net

Kom gjerne innom og ta ein prat med Norsk Klimaservicesenter på stand.

 Pressekontakt for konferansen:

Gudrun Sylte, kommunikasjonsleiar Bjerknessenteret
e-post: gudrun.sylte@uni.no, mobil: 40 85 64 57

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Betydelig snøskredfare i Nordland og Troms6.12.2017 15:04Pressemelding

I store deler av Nordland og Troms har det vært tett mellom snøbygene de siste dagene, så mange steder ligger det nå mye løs snø i fjellet. Dette gir fine skiforhold, men også betydelig snøskredfare (faregrad 3), sier vaktleder i snøskredvarslingen Håvard Thorset Været endrer seg, men faregraden er den samme Torsdag og fredag snur vinden til sørøstlig retning, noe som betyr tørrere vær. Men vinden ventes å bli veldig sterk, og med mye løs snø i terrenget kan det flyttes svært mye snø inn i leheng. Dette gir også betydelig snøskredfare og det ventes også mulighet for enkelte naturlig utløste skred. Det er altså ventet samme faregrad, men en ny situasjon med et annet skredproblem og andre utsatte områder, utdyper Thorset. For mer informasjon om snøskredfaren, se varsom.no Snøskredvarslingen i Norgetlf:488 80 100

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom