Samferdselsdepartementet

Skredsikringsprosjekt på E136 offisielt opna

Del

- Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar. Difor har denne regjeringa satsa mykje på skredsikring i djupe dalar og langs bratte fjell. E136 gjennom Romsdalen er ei særs viktig transportåre med mykje tungtransport. Med skredsikringa ved Horgheim, sørger vi no for betre framkome og trafikktryggleik for bilistane på denne strekninga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Den nye tunnelen på strekninga. Foto: Tor Inge Unhjem/Statens vegvesen
Den nye tunnelen på strekninga. Foto: Tor Inge Unhjem/Statens vegvesen

Det er dei to skredpunkta Dølsteinfonna og Fantebrauta i Romsdalen som no er sikra. Det er bygd ein tunnel og ein skredvoll langs vegen. Ved snøskred er lufttrykket frå skredet og snøføyken vel så farleg som skredmassane. Skredvollen på seks meter vil redusere lufttrykket frå skred. I tillegg er det montert lys som skal gje optisk leiing ved snøføyk. Dette vil gi både yrkessjåførar og folk flest som køyrer E136 gjennom Romsdalen ein betre kvardag.

Arbeidet med prosjektet har tatt to år og har kosta 215 millionar kroner. Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tommy Skjervold (FrP), opna strekninga onsdag.

Nøkkelord

Bilder

Den nye tunnelen på strekninga. Foto: Tor Inge Unhjem/Statens vegvesen
Den nye tunnelen på strekninga. Foto: Tor Inge Unhjem/Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene16.11.2018 11:54Pressemelding

– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom